Sidan seinvinteren/tidleg vår har vi som bur i Noreg på ulikt vis fått liva våre påverka av viruset som går under namnet covid-19. Og vi er ikkje åleine. Pr i dag – 12. november 2020 – er utbrot av virussjukdommen registrert i 220 land. Innpå 52 millionar menneske er smitta. Nærare 1,3 millionar menneske er bekrefta døde av sjukdommen. ( Tala er henta frå statistikken til WHO, og oppdatert informasjon finn du ved å peike og klikke her. )

Styresmaktene si rolle

Her i Noreg var styresmaktene tidleg ute med tiltak, som var til dels svært gjennomgripande. Barnehagar og skular vart stengde, folk vart oppmoda om å nytte heimekontor, det vart innført restriksjonar for utelivet, og på kor mange som kunne nytte offentleg transport samstundes. Eit hyggeleg resultat av tiltaka vart at vi her til lands kom rimeleg godt frå det, samanlikna med andre land. Sverige, til dømes, valde ein annan strategi med mindre grad av nedstenging av samfunnet. No i midten av november er det totale antalet som til no har dødd av covid-19 i Sverige, passert 6000 individ, medan vi i Noreg enno ikkje har passert 300.

Også i andre land kan ein sjå at det er ein samanheng mellom smittespreiing og graden av smitteverntiltak. Det er difor ikkje underleg at styresmaktene i mange land tek i bruk tiltak som får direkte konsekvensar for korleis den einskilde kan leve livet sitt. Og for mange er denne situasjonen blitt svært belastande.

Men i tillegg til å gjere livet vanskelegare for kvar av oss, har mange av tiltaka synt seg å ha katastrofale konsekvensar for delar av næringslivet. Reiselivet, til dømes, har store utfordringar. Kulturlivet likeså. Og sjølv om staten har nytta store økonomiske midlar for å hjelpe eit kriseramma næringsliv, er det liten tvil om at konsekvensane av smitteverntiltaka vil verte svært alvorlege, også på litt lengre sikt.

Det er difor ikkje til å undrast over at mange stiller seg kritiske til tiltaka dei  vert pålagte å fylgje. Nokre meiner tiltak er naudsynte, men synest tiltaka som vert brukt er for inngripande og rammar unødig hardt.

Eg har ingen fast oppfatning av kva som er høveleg nivå for tiltaka, og når tiltaka vert for inngripande eller for øydeleggjande. Men eg ser for meg at ein må vege ulemper opp mot kvarandre og vere merksam på at uansett kva ein gjer, så vil dette ha konsekvensar for nokon. Dette er ikkje ei helsefagleg problemstilling, den er politisk. Og det er politikarane sitt ansvar å leggje til rette for konsekvensdempande tiltak.

Mi og di rolle

Så har saka ei meir mellommenneskeleg side også. Den kan kvar og ein av oss gjere noko med. Det handlar om å motverke utanforskap. Det handlar om at alle har ei trygg livline – ingen skal måtte oppleve å verte sjuk utan at det vert fanga opp av einkvan. Det handlar om å nytte dei kanalane ein har til å halde kontakten når ein ikkje kan møtast fysisk. Bruke telefonen, bruke nettet, setje av tid til bruken.

Bremseklossane

Men så har vi bremseklossane, dei som eg vil kalle fornektarane. Desse har ein tragisk talsperson i dama i videoen nedunder. Dessverre er ho ikkje åleine.

Desse folka brukar mykje tid og energi på å overtyde seg sjølv og omgjevnadane sine om at covid-19 er noko ein berre kan gi sytten i. Ikkje er viruset særleg smittsamt, ikkje er det særleg fårleg heller. Smitteverntiltaka er meir til skade enn til nytte. Og folk som meinar noko anna, er ukritiske undermålarar – ein saueflokk som føl straumen og blindt rettar seg etter dei inkompetente styresmaktene sine råd og reglar.

Ein språkleg finte som eg ofte har sett nytta, er denne: «Døydde personen AV viruset, eller MED viruset?» Med dette vert det antyda at personar som er smitta av covid-19, like gjerne kunne døydd av noko anna dei også hadde i kroppen. Eg trur det kan vere grunn til å dra fram eit motspørsmål : «Har du haldepunkt for å hevde at personen no ville ha vore død, dersom vedkomande ikkje hadde hatt covid-19? Legane som fastslo dødsårsaken, hadde det ikkje.»

Eg trur desse bremseklossane er fårlege. I verste fall kan dei hemme arbeidet med å få kontroll på smittespreiinga i ein slik grad at menneskeliv går tapt. Det er eit stort ansvar å ha. Dessverre ser eg ikkje at dei bryr seg om å ta det ansvaret.

Smitteverntiltak – vårt ansvar

Bremseklossane er aktive og flittige – det skal dei ha. Mange av dei legg fram «informasjonen» sin på ein måte som er truverdig. Det må dei få lov til.

Men må dei få lov til å stå uimotsagt? Skal dei sleppe unna motforestillingane og motspørsmåla? Eg synest ikkje det. Tvert imot synest eg vi alle skal eit ansvar for å dele den informasjonen vi ser på som etterretteleg og etterprøvbar, og der vi kjenner kjeldene, og konfrontere dei med denne informasjonen.

Vi skal ikkje ha som mål å overtyde bremseklossane om at dei tek feil og at det dei gjer, kan vere fårleg for andre. Det er vi neppe i stand til. Derimot kan vi synleggjere for andre som ser det dei ytrar, at det er gode grunnar til å vere skeptisk det dei hevdar.

Det vil vere eit godt smitteverntiltak, det også.

Biletet øvst på sida er teke av Steve McFarland, og er attgitt i tråd med vilkåra i Creative Commons 2.0.

Nokre får covid-19 – nokre gir sytten! Og vi andre kan drive smittevern.