Det er ikkje så sjeldan at eg møter omgrepet «politisk korrekt». Spesielt blant mange som ytrar seg på sosiale media er dette omgrepet ein gjengangar.

Men kva vil det seie å vere «politisk korrekt» – eller PK som omgrepet (altfor) ofte vert forkorta til?

Store norske leksikon har ei forklåring som i stor grad samsvarar med den oppfatninga eg har av omgrepet – denne forklåringa kan ein lese ved å peike og klikke her.

Ein finn også ei god innføring i tankar rundt omgrepet i eit innlegg i Vårt Land frå 2010, signert Ole Jørgen Anfindsen – vil du lese det han har skrive, kan du peike og klikke her. Også han skildrar bruken av omgrepet på ein måte som eg kjenner meg att i.

For meg framstår bruken av omgrepet «politisk korrekt» slik eg har observert denne, som ein form for hersketeknikk. Eg kan ikkje hugse å ha registrert at nokon har brukt omgrepet om seg sjølv. Det er alltid meiningsmotstandarar som vert karakteriserte som politisk korrekte, eller med politisk korrekte meiningar.

Eit gjennomgåande trekk er at dei politisk korrekte vert skildra som konforme, at dei ukritisk godtek synspunkta fleirtalet frontar, eller at dei tilpassar synspunkta sine til ein slags «fasit» basert på forestillingar om kva som må vere «rett».

Og dei som brukar omgrepet om andre, framstiller ofte seg sjølve som kritiske og sjølvstendige tenkjarar, som – i motsetnad til dei politisk korrekte – gjerne anstrenger seg litt ekstra for å finne fram til alternativ informasjon som media av ulike påståtte årsaker unnlet å gjere ålmenta kjend med.

Eg har ved nokre høve gått ein del av påstandane desse har kome med, litt etter i saumane. Påfallande ofte har eg funne lite informasjon som kan verifisere denne alternative informasjonen dei legg fram. Og minst like ofte som eg finn lite eller ingen informasjon som kan underbyggje påstandane deira, finn eg informasjon som eksplisitt tydeleggjer at denne alternative informasjonen ikkje held mål, fagleg sett.

Dei gongane eg har teke dette opp med den som har kome med slik alternativ informasjon, har gjerne svaret vore at fagfolka som uttalar seg, har vikarierande motiv. Men eg har til gode å sjå at nokon har teke seg bryet med å underbyggje slike påstandar, ut over oppfordringar til meg om å google emnet, eller mantraet «følg pengane».

Eg skal ikkje postulere at det fylgjande er eit eintydig prinsipp, men for meg kan det verke som om viljen og evnen til å leite etter alternativ informasjon er omvendt proporsjonal med evnen og viljen til å utøve kjeldekritikk. Kjeldekritikk eller andre motforestillingar er ikkje velkomne. I staden for å drøfte sak er det enklare å hevde at vi som er usamde, er noko så forkasteleg som «politisk korrekte» når vi meiner det vi meiner og står for det vi står for.

Brukt slik er det nærliggjande å tenkje at omgrepet «politisk korrekt» anten er eit utslag av intellektuell dovenskap hos dei som nyttar det, eller at vedkomande sjølv forstår at det ikkje finnest gode argument for det synet han eller ho har målbore.

Så mykje for omgrepet «politisk korrekt». Her kjem ein liten kommentar :

Little boxes – tankar om omgrepet «politisk korrekt»