Då eg kom i tenåra, var eit eige stereoanlegg eitt av dei høgaste ynskja mine. Og då eg i 1970 fekk utbetalt fyrste løna mi som studentlærar, fór eg sporenstreks til Bergen og handla stereoanlegg.
Etter dagens målestokk var anlegget heller beskjedent: Ein Tandberg Sølvsuper 11 med eit par små Tandberg høgtalarar, ein Tandberg 3000x bandopptakar, og ein Garrard SP25 platespelar. Men om dette ikkje held mål etter dagens målestokk, ga anlegget meg mange gode timar med musikklytting i åra som kom.
Seinare er alle komponentane i anlegget skifta ut – det einaste eg har att, er høgtalarane. Men dei har ikkje vore i bruk på mange tiår.
I løpet av åra har eg kjøpt komponentar som til saman er blitt noko som eg vil hevde er eit godt stereoanlegg, langt flottare enn eg kunne ha forestilt meg den gongen sansen for musikklytting vart vakt. Spørsmålet er om eg har øyrer som er gode nok til at dei får med seg all godlyden som anlegget mitt byd på.
Eit anna spørsmål er om auken i lydkvalitet vert spegla i tilsvarande lytteglede. Eg tvilar, sjølv om eg den dag i dag er ein ivrig lyttar som har stor glede av denne sysselen.
Og tvilen kjem frå ei oppleving eg hadde sommaren 1973. Det året hadde eg sommarjobb, og ein dag eg var på veg heim møtte eg ein kjenning som også hadde sommarjobb. Ho inviterte meg på middag, og eg takka ja.
Medan ho laga middag, ba ho meg setje meg inn i stova og korte ventetida med litt musikk. Ho hadde ein enkel platespelar med innebygd høgtalar, og eit lite utval med LP-plater. Eg fann ei gamal innspeling av Vivaldi sine Fire årstider, og sette plata på.
Gjennom det opne stoveglaset kom lydar av forbikøyrande bilar. Motorduren vart overdøyvd av lyden frå bildekka når dei plaska seg gjennom dei avlange regnversdammane i gata.  Frå kjøkenet kom lyden av fiskepudding som vart steikt og rasping av gulrøter, akkompagnert av nynninga frå kjenningen min. Grammofonplata var sliten og med hakk og skrammer, og lyden i høgtalarane deretter. Ikkje ideelle lyttetilhøve, med andre ord.
Likevel: den dag i dag kan eg ikkje høyre Vivaldi sine Fire årstider utan at eg i minnet er attende i stova til kjenningen min. Og sjølv om eg i dag har fleire innspelingar av dette verket i mi eiga platesamling, både på vinyl og cd, har eg aldri opplevd ei så umiddelbar og intens glede over å lytte til Vivaldi som denne sommarettermiddagen i 1973.
Det er med andre ord ikke sikkert at det er utstyret det kjem an på – i denne samanhengen heller.

Ein slik platespelar var det eg lytta til Vivaldi på.
Det er ikkje alltid utstyret det kjem an på