Niande juni 2017 la avisa Sunnhordland ut ein artikkel på nettstaden sin med overskrifta «Misnøgde syrarar i Fitjar». Illustrasjonen attmed er ein redigert skjermdump av artikkelen. Ein større versjon kan ein sjå ved å peike og klikke på biletet.

( For ordens skuld : Av plassomsyn er dei siste linene i artikkelen ikkje med. Men heile artikkelen kan ein finne her : http://www.sunnhordland.no/nyhende/misnogde-syrarar-i-fitjar-1.1958378 . )

Reaksjonane let ikkje vente på seg : Nokre timar etter at artikkelen var publisert, låg ein peikar til han på tidslina mi på Facebook saman med ein del kommentarar. Desse kan ein lese ved å peike og klikke på illustrasjon nummer to på denne sida. Det var tankevekkjande lesing, men ikkje på ein god måte…

Sladda skjermdump frå facebook 11. juni 2017.

Eg er ikkje ute etter å ta nokon. Difor har eg sladda namn og bilete på dei som er komne med ytringane. Men ut frå profilbileta går eg ut frå at dette er vaksne menneske – aldersmessig, om ikkje anna. Eg synest det dei skriv, vitnar om ein grunnleggjande mangel på respekt for andre.

Ikkje er eg særleg imponert over Sunnhordland avis, heller. Dei skriv om ein konflikt, utan eigentleg å seie anna enn at eine parten er misnøgd og den andre parten meiner at alt er som det skal vere.

For eigen del skal eg ikkje ha noko meining om den konkrete saka. Det gjev ikkje artikkelen meg bakgrunn for. Men eg trur eg er samd med ordføraren i Fitjar, når ho seier at « Eg er redd at dei slik berre får negativ merksemd, og at dei som gjerne frå før er skeptiske til flyktningar berre blir meir skeptiske.»

Sunnhordland avis har tydelegvis bidrege aktivt til den negative merksemda. Men eg veit ikkje om eg synest det er det verste : Avisa har publisert to bilete av dei personane artikkelen handlar om. Det er visse reglar ein skal fylgje når ein publiserer bilete på internett. Datatilsynet har laga ei god orientering her : https://www.datatilsynet.no/Teknologi/Internett/Bilder-pa-nett/

Einkvar som vil, kan lese det som står i Datatilsynet si orientering, og vurdere den opp mot biletbruken i artikkelen. Som – vil eg tru – ansvarlege utgjevarar bør redaksjonen i Sunnhordland ta seg tid til å lese grundig det som står her, og vurdere om biletbruken i denne samanhengen var forsvarleg. Etter mi meining var han det ikkje.

Biletet øvst på sida syner ein gapestokk i byen Heerenberg i Nederland. meir informasjon om biletet kan ein få ved å peike og klikke her.

Sosiale media – vår tids gapestokk ?