I det fylgjande vil eg skrive litt om korleis heimesida mi er blitt laga.

Logo WordPressArbeidet er ein læringsprosess – etter prinsippet «learning by doing». Utgangspunktet har vore programmet WordPress. I det fylgjande vil eg skrive litt om kvifor eg valde WordPress då eg starta arbeidet med heimesida. Det var nemleg ikkje gitt på førehand.

Eg ynskte å byggje heimesida mi ved hjelp av eit CMS. CMS står for Content management System. Omsett til norsk tyder det «system for handsaming av innhald». Og det er akkurat det eit slikt system gjer. Det lagrar innhaldet, og «monterer» sider på forespurnad frå den som vil sjå sidene. Innhald og utsjånad vert utforma separat, og det eine kan endrast utan at det påverkar det andre.

Det er mange CMS-ar å velje mellom, og eg såg på fleire av dei. Eg hadde tenkt å bruke CMS-et Drupal, som eg framleis meiner er eit fantastisk alternativ. Men det er krevjande å setje seg inn i for dei som skal setje opp heimesida, og ikkje heilt enkelt å vedlikehalde. Det krev tid og kunnskap – meir enn eg har og vil få. Til gjengjeld kan ein nytte det til så å seie kva som helst ein ynskjer å drifte frå ein nettservar. Og når ein ser døme på heimesider som nyttar Drupal, skjønar ein fort at dette er ein kraftig og allsidig plattform å bruke.

Då eg begynte å sjå på Drupal som eit mogleg verktøy, vurderte eg også WordPress. Men den gongen – då det var versjon 2.6 av WordPress som var det store – var WordPress fyrst og fremst eit system for å byggje bloggar, og det var eg ikkje interessert i. Ofte ser eg at bloggar framstår som lange strimlar av informasjon, og eg ynskte det skulle vere enklare å manøvrere seg «på tvers» mellom ulike emne.  Og det eg ville publisere, var ikkje naudsynleg «ferskvare». Enkelt tilgjenge til eldre informasjon var difor viktig.

Men tida går, og vi med den. I dag framstår WordPress som eit fullverdig CMS, med mykje av den funksjonaliteten som ein finn i Drupal og dei andre meir etablerte CMS-systema. Dette kan ein sjå att på tilgjengeleg statistikk – på dette oversynet ser ein at WordPress er nytta til å byggje knappe halvparten av alle heimesider på nettet. Det er neppe tilfeldig.

Det er fleire grunnar til at WordPress er mykje nytta. Låg brukarterskel og slakk læringskurve er to grunnar. Men det finnest bokstavleg talt fleire tusen grunnar til :  Plugin-ar, små program som utvidar funksjonaliteten i WordPress og gjer det mogleg for den einskilde å tilpasse WordPress til dei behov ein måtte ha.

Eg har for tida vel 20 plugin-ar installert i min versjon av WordPress. Nokre av dei vil verte fjerna eller bytt ut, andre kjem eg til å behalde og basere min bruk av WordPress på. Dei eg beheld, kjem eg etter kvart til å skrive om på denne sida.

Eg har vald å bruke mykje bilete. Dei aller fleste av bileta har eg teke sjølv. Andre bilete er henta frå internett, og som den som har opphavsretten har merka som lovleg å nytte og bearbeide. Eg har då nytta Google sin søkjemotor og avgrensa søket til å omfatte bilete som er merka som lovleg delbare. Meir om dette skriv eg på denne sida.

Biletet øvst på sida er henta frå internett på denne måten. Meir informasjon om biletet og brukarrettane til det kan ein lese ved å peike og klikke her.