Buson ( 1716 – 1783 ) var ein japansk lyrikar, som bidrog sterkt til utviklinga av HAIKU-tradisjonen.

Den norske komponisten, songaren og forfattaren Arne Dørumsgård – meir informasjon om han kan ein finne ved å peike og klikke her – sytte gjennom eit stort arbeid som gjekk overfleire tiår at norsk i dag kan hende er det vesterlandske språket som har det største systematiske tilfanget av gjendiktingar av poesi frå Kina, Japan og Korea.

Frå eg oppdaga Dørumsgård på slutten av sekstitalet og fram til i dag har eg nok lese det meste av poesien han har gjendikta, og eg har etter kvart fått tak i ein god del av dei over 20 bøkene han har gitt ut om dette.

Ei bok tek særskilt for seg den japanske diktaren og biletkunstnaren Buson. Og frå denne boka har eg henta eit lite dikt med mykje innhald :

«Menneskelighet»

Nektet husly – 
hjem etter hjem i sneen:
lysene tendt

Om biletet øvst på sida : Her burde eg ha funne eit høveleg bilete av Buson. Det klarte eg ikkje. Det vart eit utsnitt av eit vinterbilete av den japanske kunstnaren Hiroshige (1797 – 1858) i staden.

Andre fine dikt kan du finne via denne sida.
Buson : «Menneskelighet»