Biletet oppe på sida syner eit utsnitt av eit epitafium – eit minnebilete. Det hang i si tid i Gol stavkyrkje. No er det på Norsk folkemuseum.

Biletet forestiller bonden Bjørn Frøysåk frå Hallingdal. Han er omkransa av familien. Alle er kledd i sine flottaste drakter. Måleriet er datert, det er måla i 1699.

Louis_XIV_of_FranceTo år seinare vart biletet som er attgitt attmed her, måla. Det forestiller kong Ludvig XIV, Solkongen. Også han er kledd i sin finaste stas, i hermelinsfora kappe med den franske lilja brodert med gulltråd, og med ein praktfull, høg parykk.

Det er ikkje godt å sjå samanhengen mellom desse to bileta, men den finnest :

KongeskoTil høgre er eit utsnitt av portrettet av Ludvig den 14. Ein ser skorne hans. Dei er siste mote, med raude hælar. På slutten av 1600- og byrjinga av 1700-talet var raude hælar høgste mote for herresko. Slik var det i så å seie i heile Europa. Slik var det i Paris, og slik var det på Gol.

BondeskoAttmed ser ein eit utsnitt av måleriet av Bjørn Frøysåk. Det ein ser her, er eine skoen hans. Og rett nok er skorne til bonden Bjørn neppe så forseggjorte som dei som pryda dei franske kongeføtene. Men begge para har raude hælar. Moten vart fylgd, både i Frankrike og i Hallingdal.

Kva fortel dette?

Det fortel sjølvsagt noko om at folk til alle tider har fylgd moten.

Ein like viktig lærdom er at impulsar flyg lett, også i tider når kommunikasjonane var vanskelegare enn dei er no til dags. Og folk tek imot nye impulsar og let seg inspirere av dei. På den måten endrar kulturen vår seg stadig. Slik har det vore, slik er det, og slik vert det.

Mange oppfattar nye kulturimpulsar som angrep på den beståande kulturen. Ei slik oppfatning tyder etter mi meining på at kultur vert sett på som eit statisk fenomen. Men kultur er eit resultat av mange dynamiske prosessar, og spreiing av impulsar og idéar er ein slik prosess.

Bjørn Frøysåk sine raude skohælar er eit uttrykk for norsk norsk kultur så godt som noko. På same vis er Ludvig den 14. sine det for fransk kultur. Samen er dei eit uttrykk for ein felleseuropeisk kultur.

Dei er eit godt døme på at kultur kjenner ingen grenser. Eit anna døme kan ein finne ved å peike og klikke her.

Norsk kultur – kva er det ?