Gamalt mønster – nye plagg

Mormor strikka mange stjernetrøyer i sitt liv, både til seg sjølv og morfar, til born og barneborn. I mange år ga ho ei dokke med dokkeklede til den årlege basaren i Sjømannsmisjonen, og det var ikkje uvanleg at eitt av plagga ho lagde til dokka var ei miniutgåve av ei stjernetrøye. Men eg veit ikkje om mormor nokonsinne strikka ei trøye i mønsteret etter trøya til oldefar.

Bestemortrøya i Mandal, flankert av to andre trøyer med mønster frå Sotra.
Bestemortrøya i Mandal, flankert av to andre trøyer med mønster frå Sotra.

Det gjorde derimot mor mi, i 1963. Då skulle vi på ein lengre ferietur, og mor strikka trøyer til seg sjølv, far min og dei to brørne mine. Trøya ho skulle strikke til meg vart ikkje ferdig til ferien, og då sommaren var over, hadde eg vakse sopass mykje at det ikkje var vits i å gjere henne ferdig til meg.

Eg fekk soleis inga ny stjernetrøye den gongen. Men då eg hadde vakse litt meir, tok eg mor si trøye i bruk. Den var strikka med oldefarmønsteret, og eg bar stolt denne trøya så lenge eg kom i henne. Eg syntest mønsteret var så fint, og tok det ikkje så tungt at trøya hadde «jenteknapping».

Trøyene mor strikka, var opne med knapping framme. Dei fleste var strikka i kvitt og mellomgrått – unntaket var trøya til yngste bror min, som var strikka i kvitt og lyseblått og ei trøye ho strikka til onkelen min, i kvitt og sauesvart.

Alle trøyene var strikka slik at overgangen mellom mønsteret på bolen og på ermene vart mest mogleg usynleg. Og som sagt : Alle stjernene var lyse på mørkare botn.

Stjerne_4Dette er døme på nokre av mange variasjonar som ein finn i denne strikketradisjonen : Mønstera er ulike, fargebruken forskjellig, bruk av halslinning og val av bordmønster var ulik og formen på trøyene varierte. I nokre trøyer er overgangen mellom mønster i bol og ermer nesten usynleg, i andre trøyer ikkje. Men noko gjenkjenneleg har dei likevel felles : åttebladroser kombinert med diagonale bordar.

Etter mi meining er denne variasjonsrikdomen eit godt kjenneteikn på ein robust og levande tradisjon.

<< Forrige side : Mormor og rutepapiret Neste side : Tråden går vidare>>

 

Tråden vert teken opp att