Mosaikkbileta i artikkelen om at jula si historie er mange historier, er utsnitt av mosaikken som ein ser bilete av nedunder. 

151108_Mosaikk_Hagia_SofiaDette er ein mosaikk som er å finne i Hagia Sofia, i Istanbul. Då mosaikken vart laga ein gong på 1100- eller 1200-talet, var Hagia Sofia ei kyrkje. Sidan vart kyrkja gjort om til ein moské.

Ein kan undre seg over å finne eit kristusbilete i ein moské, men dette er det nok minst to grunnar til.

Den eine grunnen er at Jesus Kristus også innan islam er sett på som ein viktig profet.

Den andre grunnen er at islam ikkje alle stader og til alle tider har vore så biletfiendtleg som framferda til ISIL i Irak og Syria lett kan få oss til å tru.

Det ligg utanfor rammene for denne artikkelen å gå inn i detalj på historia om denne vakre mosaikken. Heldigvis er det andre som har gjort det. Ein fin artikkel finn ein ved å peike og klikke her.

Du kjem attende til kalenderluka ved å peike og klikke her.

Christos Pantocrator