«Vi er et trosfellesskap, ikke et meningsfellesskap.»
Slik avsluttar sokneprest i Mandal, Eva Marie Jansvik, eit innlegg i avisa Lindesnes den 26. august. Innlegget, som har tittelen «Mangfold i kirken», kan ein lese ved å peike og klikke her. Her gir ho ei innføring i noko av det tankegodset som har ført til at ho står på Åpen folkekirke si plattform i synet på vigsling av homofile.
Slik det no ser ut, kan ein rekne med at vigsling av homofile vil verte ein del av Den norske kyrkja sin praksis innan ikke alt for lenge. Dei som har lest andre innlegg på heimesida mi, veit at eg ikkje er lei meg for det. Det bør difor ikkje undre nokon at eg heilhjarta sluttar meg til argumentasjonen til Eva Marie Jansvik.
Men i denne samanhengen vil eg rette fokus mot det siste avsnittet i innlegget til Eva Marie Jansvik. Her skriv ho fylgjande :
«Bispemøtet foretok i 2013 en læremessig avklaring som innebar at kirken anerkjenner homofilt samliv. Mitt syn deler jeg derfor med flertallet av biskopene og med halve Kirkemøtet. Folkekirken må klare å leve med flere syn i dette spørsmålet, som i andre spørsmål. Vi har mye som er viktigere å fokusere på. Vårt felles mål er at mennesker skal leve i fellesskap med Gud og hverandre og at vi lever etter det største bud; å elske Gud og sin neste som seg selv. Derfor må vi åpne dørene slik at evangeliet kan nå ut og mennesker kan finne et hjem i kirken. I Mandal kirke skal det være rom for alle. Vi er et trosfellesskap, ikke et meningsfellesskap.»
Eg trur dette er kloke ord som mange bør ta inn over seg. Vi kan vere usamde om mykje, og skiljelinene kan gå djupt mellom oss. Men vi har ikkje råd til å miste fokus. Og vi har ikkje råd til å miste kvarandre.
Som eit lite a propos vil eg dele dette opptaket av songen «In Christ there is no East or West». Eg synest teksten peikar på noko fundamentalt viktig.
Biletet øvst på sida er henta frå Godescalc-evangelia. Meir informasjon om biletet finn ein ved å peike og klikke her.