I boka «Sapiens» skriv den israelske historikaren Dr. Yuval Noah Harari klokt og innsiktsfullt om ulike faktorar som har ført til at vår art, homo sapiens, er blitt den dominerande arten på jorda. Det er ei tankevekkjande bok, som utfordrar i alle fall mange av mine tankar og forestillingar, og som har ført til at eg på mange måtar har måtta sjå på ulike sider av eigne meiningar og haldningar på nytt. Denslags øvingar kan vere smertefulle, men dei er som regel nyttige fordi dei gjer oss litt klokare – kanskje.

Eg meiner dette er ei bok mange burde lese.

Eitt av hovudemna i boka er korleis vi menneske har organisert oss i samfunn ved å velge å slutte oss til store, overbyggjande historier. Harari har mange døme på dette i boka. Verdisyn, lovverk, økonomi, religion er alle døme på slike overbyggjande historier som vi på ulikt vis sluttar oss til og trur på, og som vi i neste omgang handlar ut frå.

Dei overbyggjande historiene er viktige premissleverandørar for korleis vi vel å innrette liva våre, og for korleis vi ynskjer at andre folk skal innrette liva sine.

Men slike overbyggjande historier krev at nokon overleverer dei til andre. Tidlegare var det institusjonar som kyrkja, embedsverk, skuleverk, aviser, og i dei seinare åra media som kino, radio og fjernsyn som var dei viktigaste kanalane for overlevering av slike historier – saman med familie og omgangsvener. No har meir tradisjonelle kanalane fått sterk konkurranse av sosiale medier. Her florerer det med alternative historier, og det kan vere vanskeleg å skilje ut kva som er rett frå alt det som ikkje er det.

Eg meiner at ein skal vere kritisk til autoritetar, uansett kven dei er. Men det er like viktig å vere skeptisk til det som ligg ute på sosiale medier, både til form og innhald. Og av og til kan det vere greitt å gi uttrykk for skepsisen sin.

I dag har eg lufta skepsisen min til framstillinga av ei konkret sak, og dette har eg gjort på tidslina til ein facebookven. Han og eg er usamde om svært mykje, men eg opplever at han er ein kar det går an å vere usamd med. Og det er eg glad for – eg synest usemje kan vere nyttig, av di det utfordrar det eg sjølv meiner er rett og kan få meg til å tenke gjennom saken på nytt.

Han hadde eit syn på ei aktuell politisk sak, og la dette ut på Facebbok. Framstillinga hans av saka meiner eg ikkje er korrekt, og det valde eg å gi uttrykk for. Men eg meiner sjølvsagt også at han har same retten til å fremje sitt syn på saka som eg har til å fremje mitt.

Utviklinga av akkurat denne diskusjonen på tidslina var ikkje heilt ulik mange andre diskusjonar eg har hatt med folk som eg er usamd med. Fleire personar kom med innspel og utspel av ulikt slag. Eg har tillate meg å ta ein skjermdump av heile tråden, og eg har ikkje gjort endringar på noko av det som ligg ute – mine eigne trykk- og skrivefeil inkludert. Skjermdumpen har eg publisert på ei eiga side, som ein kan opne ved å peike og klikke her. Sida vert opna i ei ny fane, og ved å lukke den kjem du attende her.

Eg har ikkje spurd deltakarane om løyve til å gjere dette, men reknar med at dei synest det er greitt at meiningane dei har lagt ut, på denne måten får eit litt vidare publikum.

Eg føler ikkje trong til å kommentere kvart einskild innlegg. Det er ikkje mi meining å henge ut nokon.

Nedunder er peikarar til artiklane det er synt til i tråden.

Den vanskelege diskusjonen