Religion har ofte vore ein viktig premissleverandør for kva som har vore rekna som gode og dårlege handlingar i eit samfunn, kva som var etisk rett og kva som ikkje var det. Eit døme på dette er dei ti boda, som vi finn i Andre mosebok, kapittel 20, og i ei lett endra utgåve i Luthers katekisme. (Dei som lurar på kva endringane bestod i, kan sjekke. Det er interessant.)

Stundom har eg lurt på kva som kom fyrst. Er det religionen som har påverka samfunnet si etiske tenking, eller er det omvendt? Kan det vere slik at påbod og praksis som det vart viktig å respektere, vart gitt større legitimitet ved at dei vart ein del av den religiøse tenkninga?

For min del trur eg at prosessen kan ha gått begge vegar. Eitt døme på at religionen påverkar samfunnet, finn ein i bruken av religion som påskot for politisk, økonomisk og territorial ekspansjon. Mange religionskritikarar har – med rette – påpeika det nære samkvemet mellom kolonisering og misjonering. Det manglar ikkje døme på dette. Eg brukar ofte å dra fram eit litt kuriøst døme: Kvifor er spansk hovudspråket i dei fleste land i Sør-Amerika, med portugisisktalande Brasil som det store unntaket? Og kva rolle spelte den katolske kyrkja i dette fenomenet? (Det er eit anna interessant emne for den som er litt nysgjerrig på slikt.)

Det er to religionar som først og fremst vert sett på som ekspansjonsivrige, og det er kristendom og islam. Personleg synest eg ikkje det er underleg: Desse to religionane har det til felles at fokus for kulten er ein allmektig gud, ein gud for alle. For dei som kjenner seg knytt til den eine eller den andre av desse religionane, kan det nok opplevast som forpliktande viktig at alle folk vert gjort kjende med guden, som altså også er gud for dei, og at alle får høve til å vende seg til han.

Men det må også seiast at måten både kristne og muslimar har gjort guden sin kjend på, i mange høve ikkje akkurat har samsvara med den fredsbodskapen dei meiner er grunnlaget for religionen sin. Og det er heller ingen grunn til å leggje skjul på at det kan sjå ut som om spesielt desse to religionane er blitt – og etter det eg kan sjå, blir – misbrukt av personar med etter alt å døme heilt andre ambisjonar enn religionsutbreiing.

Eit område der eg trur prosessen har gått andre vegen, er på område knytt til familierelasjonar – og som eit underbruk av dette: syn på seksualitet. Eg trur dette har hatt sine grunnar:

Mange storsamfunn har – eller har hatt – ingen, eller få og dårlege, nettverk som kunne ta vare på individet. Dette var eit ansvar som vart teke i vare gjennom meir eller mindre forpliktande samkvem innan faste og tydelege grupper som kvart individ var knytt til, som til dømes stammen/klanen, storfamilien, kjernefamilien.

Her kunne ein religiøst forankra praksis gjere at både gruppa og den einskilde vart sterkt forplikta til å halde seg til gjeldande organiseringar av sosiale nettverk, og å innordne seg desse.

Eg trur at den jødiske kjernefamilien er eit godt døme på dette. Jødar har i større grad enn folkeslag flest, levd i «utlendigheit» – diaspora – og dermed levd sine liv i eit storsamfunn dei ikkje var ein integrert del av. Då vart kjernefamilien den grunnleggjande byggjesteinen i det fellesskapet vedkomande var ein del av, og difor noko som måtte vernast.

Samlivsformer som ikkje var i tråd med idealet om ein kjernefamilie, kunne oppfattast som eit åtak på denne ordninga, og måtte motarbeidast. Det er mi tru at ein nytta religionen som grunngjeving for å fremje «rett» samlivspraksis (les: sølibat som einaste alternativ til samliv mellom mann og kvinne) og «normal» seksualitet (les: heterofil og med klår kjønnsidentitet, i motsetnad til alt anna), og til å fordømme det som ikkje vart rekna som rett og normalt.

Og denne tankegodset «arva» så dei to andre bokreligionane – kristendommen og islam. I mange samfunn, spesielt der religionen er med på å gi styresmaktene legitimitet, er det lovstridig å vere homofil, og i åtte land er det dødsstraff for slikt. (Kjelde: Amnesty International)

Opprøret mot å kriminalisere det folk er, er ein kamp som har vart i årevis i mange land, og som på ingen måte er avslutta. Men ting er i endring. I dag er det ei forståing for at mennesket er meir samansett, mellom anna med omsyn til seksuell legning og kjønnsidentitet, enn ein før har teke høgd for. Og i vårt samfunn er den tradisjonelle kjernefamilien ein god måte, men ikkje den einaste gode måten, å skape gode rammer kring individet.

Grunnlaget for å verne om ei ordning kan over tid endre seg. I eit samfunn som vårt, med mange måtar å organisere forpliktande sosiale nettverk på, er behovet for å hegne om kjernefamilien og eit heterofilt samliv som grunnlaget for denne, ikkje lenger så stort som det var. Og det må til ei kvar tid vektast mot andre behov og omsyn. Å ha høve til å leve i pakt med det som er naturleg og rett for den einskilde, til dømes.

Slik eg ser det, er det no på høg tid å sjå kritisk på det religiøse grunnlaget for å setje grenser for folk sin identitet, og for korleis dei innretter liva sine. Og berre for å ha sagt det: Det vil i så fall ikkje vere fyrste gongen ein etterser og justerer religiøst grunna praksis.

Biletet oppe på sida syner at det er godt mogleg å skape harmoni med utgangspunkt i noko som er skeivt. Det er eit utsnitt av eit tresnitt av den store japanske kunstnaren Hokusai. ( 1760 – 1849 )

Det rette og dei skeive