Biletet over syner ein steinmur ein eller annan stad i Nord-England. Fyrste gong eg såg ein slik mur, var på ein busstur frå Newcastle til Kendall, ein liten by som ligg i Lake District. Men dette var slett ikkje den einaste muren eg såg på denne turen. Heile landskapet var prega av dei.

Eg let meg fascinere av desse lange, lange murane. Det var få opningar i dei, men med jamne mellomrom var det murt inn steinar som stakk ut frå muren, om lag som trappetrinn. Desse gjorde det mogleg å halde beitedyra på plass, samstundes som det var greitt for folk å krysse muren.

I det siste har eg tenkt litt på desse murane, og på trinna i dei. For meg er dei blitt eit lite bilete på trinn vi menneske må ta for å kome vidare og over til noko anna når det syner seg naudsynt.

Eg kjem til å synleggjere dette ved å ta utgangspunkt i ei problemstilling eg meiner det er viktig at vi må gjere noko med. Eg kjem til å skrive om dette i høve klimaendringane vi registrerer på jorda. Kvart trinn er skildra i detlaj i ein tekst som kjem fram når ein peikar og klikkar på overskrifta for det aktuelle trinnet.

Trinn ein handlar om å stikke fingeren i jorda.

For eigen del har eg tre utgangspunkt:

Vi er vitne til ein global temperaturauke. Det er eit faktum at vi i løpet av jorda si historie har hatt varierande temperatur, men i tida menneska som art har vore her, har temperaturen i snitt vore nokså stabil. Temperaturauke ein stad på kloden har samanfalle med lågare temperatur andre stader.
Slike temperaturendringar kan ein observere i våre dagar også, men det er ikkje lenger slik at temperaturstigningar nokre stader vert kompensert med tilsvarande lågare temperaturar andre stader. Dette er historisk nytt i den forstand at eit slikt fenomen ikkje har funne stad tidlegare i menneska si historie.

Menneskeleg aktivitet bidreg til denne auken, fyrst og fremst ved at i tida frå oppstarten av den industrielle revolusjonen og fram til no er store mengdar av karbondioksyd blitt tilført atmosfæren gjennom forbrenning av fossilt brensel. Dette har hatt fleire konsekvensar. Mellom anna ser ein at høgare temperaturar i område med permafrost – spesielt i Sibir –  har bidrege til store utslepp av metan til atmosfæren. Vi ser også tendenser til auka grad av fordamping av vatn, spesielt over landområde som er blitt varmare enn før. Alt dette er samanhengande faktorar som vil kunne føre med seg ei forsterking av ein fårleg tendens vi alt er vitne til.

Konsekvensane av denne utviklinga kan vise seg å vere katastrofale for oss menneske. Område som i dag er tett befolka, vil over tid verte ubebuelege. Dette vil kunne framtvinge migrasjon i eit omfang  vi aldri før har opplevd.
Eit anna problem er at område som i dag bidreg rikeleg med mat, kan verte vanskelege å dyrke. Døme på problem som ein alt i dag ser konturane av, er at endra ver medfører dårlegare vilkår for dyrking av mat. Ein ser også at somme stader er det dårlegare tilgjenge på grunnvatn.
Endeleg kan ein nemne fiskeri som ei matkjelde med ei usikker framtid. Overfiske, forureining og endringar i havtemperaturar grunna klimaendringane kan stå som døme på faktorar som har påverka fiskeressursane vi har tilgjenge til. Og felles for desse faktorane er at dei skuldast menneskeleg aktivitet.

Trinn to handlar om å sjå etter tiltak som kan medføre positive endringar.

Som bebuarar på denne planeten har vi to alternativ når det gjeld korleis vi tilnærmar oss spørsmål om klimaendringane:

Det ene er at vi kan late som om dei ikkje er reelle, eller tenkje oss at dei går over av seg sjølv. Det vert å gjere som pinnsvinet når det kjenner seg trua: rulle seg saman til ein ball med piggane ut og halde seg i ro til truslane forsvinn.
Den som har sett fleire enn eitt overkjørt pinnsvin i vegkanten, veit at ein slik taktikk ikkje var særleg god etter at automobilen gjorde sitt inntog. Endra  føresetnader fordrar endra tilnærmingar, og andre taktiske grep.

Alternativt kan vi ta inn over oss at det kan vere råd å gjere noko med den delen av problemstillinga som er menneskeskapt. Vi kan kanskje ikkje gjere om att tidlegare tiders synder. Det vi har spreidd i atmosfæren er det ikkje godt å hente ut att. Den temperaturstigninga vi har registrert og dokumentert, kan ein ikkje utan vidare reversere.
Men kan hende er det framleis mogleg å hindre ei vidare utvikling vi ikkje ynskjer? Kan hende kan vi gjere noko for å unngå at den jorda etterkomarane våre skal arve, ikkje er eit paradis, men eit helvete?

Personleg trur eg det er mykje vi kan gjere – dersom vi vil. Ikkje så lite av dette handlar om å sjå korleis tilgjengelege ressursar vert nytta. Eneregi, til dømes, er ein slik ressurs. Kvar gjer drivstoffet mest nytte for seg, i ein skurtreskar eller i ein turistbuss? Kvar gjer elektrisiteten mest nytte for seg, i ei varmepumpe i ein bustad eller i varmekablane i ein oppkjørsel til ein garasje?

Spørsmåla er mange, men lat desse to stå som eit døme på at i ein diskusjon som på mange måtar handlar om bruk av energi, er forbruksvanane våre ikkje irrelevante.

Mat er ein annan ressurs der det er på høg tid å sjå på fordelinga av. I delar av verda er det ikkje nok mat. Folk svelt i hel. Andre stader i verda nyttar ein mat til å produsere mindre mat. Korleis omfordele? Korleis ta i bruk alle ressursar for å syte for at det er tilstrekkeleg med mat til alle? Også her vil ein diskusjon uunngåeleg handle om vårt forbruk og våre forbruksvanar.

Dei store spørsmåla vil på eitt eller anna spørsmål komme til å handle om oss sjølve og måten vi har innretta oss på – og korleis vi vil innrette oss i framtida.

Trinn tre handlar om vilje til å ta val som kan ha negative konsekvensar for ein sjølv.

Dette trinnet er kan hende det vanskelegaste, men slett ikkje det minst viktige. For korleis skal vi kunne få gjennomført noko som helst, dersom vi ikkje er villige til å akseptere dei konsekvensane tiltaket kan ha for oss sjølve?

Eg trur at gjennomføringa av naudsynte, men upopulære, tiltak er noko av det vanskelegaste ein demokratisk vald politikar kan gi seg i kast med. Det er neppe vanskeleg å finne politikarar som er villige til å ta over når populariteten til dei som styrer er på veg ned – også når mangelen på popularitet skuldast gjennomføring av tiltak som objektivt sett er naudsynte, men som har konsekvensar vi ikkje likar.

Skjer det, kan ein undre seg på kva som skjer når ein eventuelt er komen i den situasjonen at det ikkje er mogleg å løyse utfordringane ein står ovanfor på demokratisk vis. Er det noko nyare tids historie har lært oss, så er det demokratiet er eit skjørt politisk system. Akkurat difor er det så viktig at dei to fyrste trinna er på plass: At kvar og ein av oss har ei klår forståing av kva som er problemet med situasjonen, og har danna seg eit bilete av kva som er naudsynte tiltak for å kome vidare.

Eg trur desse tre trinna er naudsynte i alle ordskifte som handlar om dei store og viktige spørsmåla i tida – det vere seg handtering av pandemiar, orientering i eit meir og meir mangslunge samfunn, eller andre problemstillingar der det ikkje er gitt at det finnest eitt svar og berre ei mogleg løysing.

Biletet frå Nord-England er teke av Trevor Littlewood, og er attgitt med løyve.

Tre trinn for å kome vidare.