Mange er bekymra for aukande straumprisar og for at ein kan hende vil oppleve rasjonering av straum. Ikkje sjeldan gjev bekymringa seg uttrykk i krasse utsegner mot straumleverandørane, mot straumeksporten, mot politikarane. Dette er høgst forståeleg.

Men det er vel slik den frie marknaden fungerer: Tilhøvet mellom tilbod og etterspurnad fastset prisen, og den som er villig til å betale mest, får tilslaget.

Slik treng ikkje marknaden fungere: Det er laga til ei ordning som gjer det mogleg å unndra seg den stadige tautrekkinga mellom kjøparane og få levert straum til ein marknadsuavhenging pris. Denne ordninga heiter «fastprisavtale», og det er opp til den einskilde å inngå ein slik avtale med sin straumleverandør.

Problemet er berre ein kan forvente at ein slik fastprisavtale vert like kostbar som ein avtale med varierande straumprisar – minst. Tanken bak ser ut til å vere at straumleverandøren ikkje skal «tape» på ein slik avtale.

Men kan ein her snakke om «tap», i den forstand at leverandøren tapar pengar på å levere straum til ein kunde til fastsett pris? Svaret er NEI, dersom ein legg til grunn at ein med tap meiner at utgiftene med produksjon og levering av elektrisk kraft er større enn inntektene på leveransen. Noko anna skulle berre mangle. Ingen er tente med ein situasjon der leverandørane ikkje har råd til å levere. Dermed innskrenkar «tapet» seg til tap av auka forteneste grunna at det er mogleg å selje straum til prisar dei fleste er samde om, er for høge.

Eit slikt «tap» bør straumleverandørane – og alle dei som representerer ein auke i kostnadane elles – kunne leve godt med.

Ei ordning der delar av straumen vert levert til kunden for ein pris som sikra dekning av produksjonsutgifter og offentlege avgifter samt eit rimeleg påslag til leverandøren, burde dermed vere mogleg å få til. Med tanke på all den informasjonen straumleverandørane har om forbruksvanane til kundane sine, er det vanskeleg å sjå at dei skulle mangle naudsynt datagrunnlag for å etablere ei slik ordning.

Samstundes bør ikkje ei slik ordning verte ein sovepute i arbeidet med energiøkonomisering. Difor seg eg for meg at ein med utgangspunkt i forbruksdata kunne tilby etablerte kundar straum til fastpris for til dømes 80% av forbruket dei siste to åra, medan ein betalte marknadspris for dei overskytande 20%.

Truleg vil det vere mogleg å gjennomføre ei slik ordning med basis i månadsvise avrekningar. Det nye systemet for fastsetjing av nettleige er ein indikator på det.

 

Biletet oppe på sida er eit utsnitt av eit fotografi teke av Devendra, og er attgitt med løyve.

Ein kraftsalve mot kraftløyse