Ein skal ikkje halde lenge på med å lese innlegg og kommentarfelt på ulike sosiale media før ein møter ytringar som uttrykkjer til dels stor skepsis til islam som religion, og til muslimar som tilhengarar av denne religionen.

Einskilde ytringar kjem truleg innanfor det som ein kan karakterisere som hatefulle ytringar. Slikt kan vere vrient å definere, men for min del tenkjer eg at folk som publiserer negative ytringar om folk og livssyn utan å gjere greie for grunnlaget for negativiteten, er i grenselandet for kva som kjem inn under omgrepet. Form og innhald vil i kvart tilfelle avgjere på kva side av grensa ytringa befinn seg.

For det er ikkje slik at at alle kritiske ytringar treng vere hatefulle. Lat meg ta nokre døme – langt fleire kunne vore nemnde : Det må vere lov å gi uttrykk for at dødsstraff for blasfemi er forkasteleg, og at det er mange grunnar til å hevde det. Det må vere lov til å meine at fråfall frå religionen ikkje gjev nokon rett til å ta livet av den fråfalne. Det må vere lov å påpeike at dødsstraff for homofili ikkje er akseptabelt, og å argumentere for det.

Og det må vere lov å påpeike at alt dette er ugjerningar som skjer i islam sitt namn, og at desse ugjerningane i mange høve vert utførte både etter initiativ frå og med godkjenning av islamske religiøse leiarar. For dette er sant.

Problemet er at desse sanningane av einskilde menneske – alt for mange, etter mi meining – vert framstilt som om slike ugjerningar definerer kva som er «det sanne islam». Det er minst to grunnar til å kome med innvendingar til dette:

Den eine er det faktum at svært mange muslimar også tek avstand frå alle ugjerningane som vert gjort i namnet til religionen deira. For desse er religionen deira noko anna.  Men dei som tiltek seg retten til å definere ein religion dei sjølve ikkje tilhøyrer med utgangspunkt i ekstremisme, gjer det vrient for dei moderate røystene å kome til orde, og å verte trudd.

Det andre er at dei som kritiserer islam, i liten grad vektlegg moment som kan bidra til å stille denne religionen i eit mindre dårleg lys for folk flest.  Det er også mi erfaring at folk som kritiserer islam for å mane til ugjerningar, i liten grad er villige til å fremje same kritikken for akkurat dei same ugjerningane når dei er gjort i kristendommen sitt namn. Selektiv bruk av fakta opplever eg som intellektuelt uheiderleg.

Det er ille nok at folk under dekke av å vere religionskritiske lagar si eiga forenkla framstilling av religionen til all verdas muslimar, og tek ansvaret med å publisere dette til folk som kan hende synest påstandane er truverdige, og som sluttar seg til innhaldet i dei. Og det er synd at folk ikkje evnar eller ynskjer å sjå at islam for mange muslimar er ein viktig  del av deira identitet, og deira måte å sjå livet på, og er villige til å respektere dette.

At folk gjer det lettvint for seg sjølv ved berre å sjå ein sak frå ei side, er på sikt noko som potensielt vil kunne ramme dei sjølve.

Men det alvorlege med denne forenkla framstillinga av islam er noko anna: Det bidreg til å mistenkeleggjere individ og grupper som skal leve i samfunnet vårt, attmed alle andre individ og grupper som lever her. Etter mitt syn er dette eit aktivt – og svært øydeleggjande – bidrag til at det kan verte etablert fleire parallellsamfunn hos oss, i staden for eitt stort og omfattande fellesskap.

Dette bør ikkje vere vrient å forstå. Ein kan berre tenkje seg korleis det må vere å leve som ein minoritet i eit samfunn der ein opplever at det store fleirtalet er mistenksamt, og til dels fiendtleg innstilt, til det ein sjølv held heilagt og meiner er rett. Det burde vere mogleg å forstå i kva grad ein slik situasjon vert eit hinder for å opne seg opp for det store fellesskapet, og at det opplevest som enklare å vende seg til sine eigne.

Difor trur eg det er naudsynt med ei haldningendring her. Kritikarane må gjerne kritisere det dei meiner er galt, men utan å generalisere slik at kritikken rammar uskuldige partar. Og så må vi alle vise vilje til å lytte til, og ta på alvor, det den einskilde muslim seier og meiner om sin religion.

Det verste som kan skje, er truleg at vi alle etter kvart får eit litt meir nyansert syn på islam og muslimar. Og det er då ikkje så ille?

Biletet over syner ei tunn månesigd. Men grunna refleksjon av lyset frå jorda, kan vi skimte meir. Med andre ord: Opplysning hjelper oss til å sjå heilskapen. Biletet er teke av Det europeiske sørobservatoriet i Chile, og er attgitt med løyve.

Om heile og halve sanningar