Som guttunge kjende eg ein ung mann, som av grunnar eg den gongen ikkje heilt forstod, valde å emigrere. Men det viste seg altså å vere fordi han var «slik». Kva det ville seie å vere «slik» visste eg ikkje då. Men på tonefall og ansiktsuttrykk hos enkelte i familie og nabolag forstod eg sopass, at det å vere «slik», slettes ikkje var bra.

Eg var så godt som vaksen då eg forstod at det å vere «slik», var å vere homofil. Og det skulle gå endå nokre år innan eg forstod at eg faktisk kjende fleire «slike».

Som ungdom hadde eg ei eplekjekk haldning til homofili. Eg kan vel formulere henne på denne måten: «Så lenge dei ikkje plagar meg, så får dei no berre halde på.» Skal eg karakterisere haldninga mi, trur eg eg vil måtte seie at ho var både fordomsfull og meir enn ein smule moralistisk.

Med åra endra dette seg. Det var fleire grunnar til det. Eg vart etter kvart merksam på at folk som eg hadde kjent i årevis, var skeive, og at dei hadde vore det så lenge eg hadde kjent dei. Eg tok inn over meg at det at eg no visste at dei var skeive, ikkje utgjorde nokon som helst skilnad på korleis eg opplevde å vere saman med dei, samanlikna med før. Dei var framleis dei same menneska som eg kjende, respekterte, var glad i.

Men i yngre år reflekterte eg ikkje særleg over korleis det var å vere skeiv. Det som fekk meg for alvor til å tenkje over korleis skeive kan ha det, var eit fotografi eg såg for mange år sidan.

Biletet syner ein buss under ei bru. På taket av bussen er det fire menn, alle bakbundne. Ned frå brua heng fire tau, og kvart av desse er lagt i ei rennelykkje rundt halsen på ein mann.

Biletet er teke akkurat i det bussen tek til å køyre framover. Ein av mennene har alt misst balansen, og heng i tauet. Dei tre andre er også i ferd med å miste fotfestet. Når bussen har køyrd nokre meter lenger fram, vil mennene verte hengande etter halsen i taua. Utfallet er visst.

Eg har ikkje fått verifisert dette, men i fylgje biletteksten skulle dette biletet syne den offentlege avrettinga av fire menn i Iran. Årsak til avrettinga: dei var homofile.

Eg har ikkje funne att biletet, men eg veit at det ikkje er usannsynleg at dette er eit autentisk bilete, for Iran praktiserer dødsstraff for homofili. Seinast i januar 2022 vart to menn avretta for dette.

Iran er ikkje åleine om å avrette homofile. I fylgje Amnesty international er det minst åtte land i verda som praktiserer dødsstraff for homofili. Andre land praktiserer idømming av lange fengselsstraffer. Pr juli 2022 har 69 land kriminalisert homofili, i tillegg er det land der homofile vert forfylgde med «vikarierande motiv», dvs. ved å nytte andre paragrafar i straffelova.

Lat oss ein augneblink ta dette inn over oss: Folk i desse landa veit kva dei risikerer. Ein kan spørje kvifor dei likevel lever som dei gjer, og eg trur svaret er enkelt, dei har ikkje noko val. Det er slik dei er skapt, dei kan ikkje velge å vere noko anna.

Dei som har valet, er alle vi andre. Vi kan leve i pakt med slik vi er skapt, utan sanksjonering frå samfunnet vi er ein del av. Og vi kan velge å la andre leve i pakt med slik dei er skapt. Men gjer vi det?

Rett nok er det femti år sidan sex mellom menn vart avkriminalisert i Noreg. Men det er ikkje lenge sidan ein ungdom vart slegen ned av di han bar eit pride-armband. Det er også grunn til å tru at drapa som skjedde i Oslo natt til 25. juni i år, var relatert til fiendtlege haldningar til Priderørsla. Med andre ord: her er to døme på at vi slett ikkje er ferdige med fiendteleg haldningar mot skeive i samfunnet vårt.

Ofre for ugjerningane var personar som i det ytre ikkje skil seg ut  frå oss som utgjer den heterofile delen av befolkninga, folk som av den grunn stort sett er heilt usynlege for oss som gruppe. For dei som skil seg ut, til dømes ved å kle seg som det motsette kjønn, er situasjonen sannsynlegvis vanskelegare. Ein skal ikkje ha lese mykje på sosiale media for å sjå ein himmelropande mangel på aksept for folk som opplever eit avvik mellom den kroppen dei har og det kjønnet dei opplever seg som å ha.

Dette gjer seg ulike uttrykk, frå moralistisk fordøming av at folk i det heile vågar å vise seg på den måten, til halstarrig insistering på at «biologien fortel at det berre er to kjønn, og ferdig med det».

At også fagfolk innan ulike profesjonar og fagfelt for lengst har innteke ei meir nyansert tilnærming til dette med kjønn, er eit faktum som i liten grad vert vektlagt av dei som einsidig definerer eit individ sitt kjønn ut frå kva kjønnsceller vedkomande produserer.

Det hadde vore mogleg å lage ei lang og deprimerande liste over døme på at vi har ein lang veg å gå før vi som samfunn aksepterer alle folk sitt kjønnsuttrykk, alle folk si legning og alle folk sin måte å innrette liva sina på. Men eg er usikker på kor mykje det ville ha for seg å gjere det.

I staden vil eg bruke litt av tida mi og kreftene mine til noko anna: No og då vil eg ta til motmæle når eg møter utsegner som eg opplever er uttrykk for manglande kunnskap om og/eller toleranse for skeive i samfunnet vårt. Det er kan hende ikkje store innsatsen. Men ser ein nøye etter, er sjølv den største og breiaste vegen laga av og med småstein.

Eg er freista til å sitere Halldis Moren Vesaas :

Hender finn hender, herd stør herd,
barm slår varmt imot barm.
Det hjelper da litt, nokre få forfrosne
at du er varm!

Biletet oppe på sida er teke av Denis Skley, og er attgitt med løyve.

Du er då ikkje skeiv – kvifor bryr du deg?