For nokre dagar sidan la eg ut på heimesida mi ein artikkel som eg kalla «Stolthet og fordom». Den handla om Pride-rørsla, og om fordommar personar knytt til denne rørsla. Eg la ut ein peikar til artikkelen på Facebook-profilen min. Ikkje uventa kom det tilsvar der – ikkje alle like velvillige.

Ein uttrykte seg slik i ein kommentar – sitat: « Eg støtter de homofile og transseksuelle ikkje idologien de kjempar for. Altså person og ikkje sak.» Dette gjorde meg litt nysgjerrig. Eg kjende til den historiske bakgrunnen for Pride. Men kva Pride-rørsla står for ideologisk, visste eg mindre om, så eg sette meg fore å leite.

Eg fann ingen ting.

Eller rettare: eg fann ein del påstandar om at det finnest ein ideologi bak Pride. Felles for desse som kom med påstandane eg fann, var at dei uttrykte til dels sterke motforestillingar til Pride som fenomen. Eit døme på dette finn ein i denne artikkelen. Den er slett ikkje noko enkeltståande tilfelle. Her finnest atskilleg fleire av same sorten. Og mange er temmeleg usaklege, etter mitt syn.

Difor fann eg det rett å sjå kva dei som står bak Pride i Noreg, FRI – Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold – skriv om seg sjølve og om sitt eventuelle ideologiske grunnlag. Her er ein peikar til sida som gjev uttrykk for kva foreninga meiner.

Som ein vil sjå, har FRI meiningar om mangt, men heller ikkje her finn eg uttrykt nokon eintydig ideologi. Derimot kan ein her lese kva einskildsaker foreininga har meiningar om, og kjemper for. Truleg er dette det næraste vi kjem noko ein kan kalle ein ideologi.

Det skulle vere interessant å vite kva av det som står skrive på desse sidene, folk er i mot, og kor stor del av totalbiletet dette utgjer. For min del fann eg ein del meiningar eg ikkje heilt kan skrive under på, men mesteparten er heilt på line med det eg sjølv synest er rett. Særleg mykje kontroversielt stoff fann eg ikkje.

Ei anna motforestilling var at skeive har – sitat : « … skada si eiga sak ved utagerande opptog».

Jaha.

Det er altså opptoga det er noko i vegen med. Sjølv har eg ikkje sett slike opptog, bortsett frå via media. Men eg sit att med eit inntrykk av at storparten av dei som går i opptog, ter seg om lag slik som folk gjer i eit opptog. Truleg er dei ikkje interessante nok til at media gidd dele informasjon om dei.

Derimot kan det sjå ut som om media har fokus på ein del paradeinnslag av det meir lausslupne slaget, kan hende av di ein har forventningar om at den slags gjev større laussal eller fleire klicks på nettsidene, kva veit eg?  Det synest eg ikkje eg skal behøve å verte provosert av.

Men rett skal vere rett, utagerande oppførsel i samband med Pride har ein sett. Til dømes i Oslo natt til laurdag den 25. juni 2022, då to menn vart skotne ned og drepne på ein utestad for homofile, og eit tjuetals andre personar såra. Det er liten grunn til å tru at gjerningsmannen var tilhengar av Pride.

Og endeleg er det dei som lyfter fram eigne tolkingar av Pride-rørsla, og hevdar at det dei syner til, er delar av rørsla sin agenda. Tillat meg å nemne to døme:

Det er dei som hevdar at – sitat: «Pride står for/kjempar for allminneliggjering av pedofili.» Sitatet er frå eit facebookinnlegg datert 30. juni 2022. Eg har late vere å be vedkomande belegge påstanden sin, sjølv om det kunne vere freistande. Men ein treng ikkje gjere folk forlegne. Det kjem det sjeldan noko godt ut av. At litt meir kunnskap ikkje hadde vore i vegen her, er det likevel ikkje grunn til å stikke under ein stol.

Så er det dei som hevdar at Pride handlar om retten til å skifte biologisk kjønn, og avviser rørsla av di dette ikkje er mogleg. Og det kan nok stemme at eit individ kun kan produsere ein type kjønnsceller, og at det dermed kan vere ein grei måte å definere det biologiske kjønnet på.

Men den som trur at det er dette Pride-rørsla primært er oppteken av, burde ta seg tid til å setje seg litt betre inn i kva spørsmål som Pride arbeider med, og vurdere Pride deretter.

I det heile teke: Det kan hjelpe på mykje å setje seg litt inn i eit emne før ein uttalar seg. Det er mi erfaring at kunnskapar kan nyansere ellers steile og eindimensjonale måtar å sjå verda på, og det er etter mi meining bra.

(Innlegget vart skrive i 2022.)

Tenkjer ein svart-kvitt, ser ein ikkje fargane