«Eg tenkjer, altså er eg.» Dette sitatet er tillagt den franske vitskapsmannen og filosofen René Descartes, og det hendar det dukkar opp i diskusjonar i sosiale media. Ikkje sjeldan finn vi det attgitt i si latinske form – «Cogito ergo sum» – då gjerne med fylgje av omsetjing til norsk. Når eg les den slags kan eg ikkje late vere å tenkje at her er det ein som vil framstå som kunnskapsrik, og som i same stund ikkje unnslår seg frå å signalisere at lesaren kan hende ikkje har eit like elevert kunnskapsnivå som det han eller ho sjølv har.

Det er i det heile teke interessant å registrere kor ofte folk ser ut til å tolke usemje som eit uttrykk for at den ein er usamd med, ikkje er så velorientert som det ein sjølv er. Personleg synest eg den slags er litt komisk, og ikkje så lite arrogant. For usemje kan ha fleire forklåringar enn berre det at den eine parten (ein sjølv, naturlegvis) er så mykje meir velorientert enn den andre.

Ei forklåring kan vere at ein har ulikt kunnskapsgrunnlag. Dette er ikkje naudsynleg det same som at den eine er betre orientert enn den andre. Det kan ganske enkelt bety at informasjonstilfanget er ulikt. Vi lever i ei verd med overflod av informasjon, og det er ikkje ventande anna enn at kvar og ein av oss kan verte eksponert for ulikt utval av informasjon om eitt og same emnet.

Her er det grunn til å påpeike eit tilhøve, nemleg at vi ofte har ein tendens til å leite fram informasjon som understøttar det vi sjølve meiner å vite frå før av. Eg kjenner meg att i dette, og det er ein av grunnane til at eg aktivt oppsøkjer informasjon eller meiningsytringar basert på slik informasjon som  eg trur er feil eller som eg er usamd i, og prøver å finne ut kva substans det kan vere i denne informasjonen eller desse ytringane. Ikkje sjeldan har eg hatt stor nytte av det. Av og til har eg lært noko nytt eller teke til meg nye impulsar, andre gongar har eg fått bekrefta det eg har meint og trudd, sannsylegvis har vore rett.

Ei anna forklåring kan vere at vi har eit ulikt vurderingsgrunnlag. Eg har stor sans for læringsteoriane til Lev Vygotski, som skildrar tileigning av ny kunnskap som ein prosess der vi systematisk, om enn intuitivt, byggjer ny kunnskap ved å setje ny informasjon inn i eit rammeverk bygd på kunnskapen vi alt har. Det betyr at vi kan ha ulikt grunnlag for korleis vi tileignar oss same informasjonen, og korleis vi vektar denne i høve annan informasjon vi har eller får. Eg trur det ligg ein kime til usemje i akkurat dette fenomenet.

Det må seiast litt om omgrepet verdigrunnlag også. Eg trur vi alle, i større eller mindre grad, vurderer ein situasjon opp mot kva vi synest er «rett». Det kan vere ei sunn tilnærming, så lenge vi er medvitne om at det er verdiane våre som har fått vere utgangspunktet for vurderingane våre, og for meiningane våre. I ei ideell verd skulle vi nok ha lytta meir til verdigrunnlaget vårt, og teke omsyn til kva vi meiner er rett. Og kan hende vil det å lytte til eige verdigrunnlag og agere i tråd med det, syne seg å vere eit viktig bidrag til å komme nærare det vi kan kalle ei ideell verd.

Men det er då på tide å sitere ein annan berømt framskmann, Voltaire, som skal ha sagt dette: «Det beste er det godes verste fiende.» For av og til er det slik at det ideelle, det vi meiner er rett, ikkje er oppnåeleg. Kva då?

Det er då pragmatikaren i meg stikk hovudet fram og seier: «Dersom vi ikkje kan få til det som er best, bør vi kan hende nøye oss med det nest beste – om det skulle vere oppnåeleg.»

Og lat meg ta eit døme på dette: I dag – 2. februar 2023 – rasar ein øydeleggjande krig i Ukraina. Vi skulle nok alle ynskt at krigen kunne stoppast i denne augneblinken, og at partane kunne setje seg saman ved eit forhandlingsbord. Men vi veit alle at slik vert det ikkje. Ikkje i dag, og neppe i morgon. Ingen veit når.

Så kva gjer vi, i dag? Slik eg ser det, er det to alternativ. Det eine er å gi Ukraina hjelp til å yte motstand andsynes dei som de facto invaderte landet 24. februar 2022. Det andre er å late vere, og sjå på at Russland tek seg til rette i landet.

Begge delar har ein stor menneskeleg kostnad. Det kan ein ikkje kome vekk frå. Uansett kva alternativ ein måtte synast er det minst dårlege, så er det nokon som får svi.

Akkurat her vil eg ikkje flagge eige standpunkt om den aktuelle saka. Men der eg gjer standpunktet mitt til kjenne, forventar eg at det vert respektert som mitt beste forsøk på å velje ei «rett» løysing. Så skal eg til gjengjeld tenkje det same om det motsette standpunktet.

Biletet oppe på sida er attgitt med løyve (CC0).

Eg tenkjer eg tenkjer