Som regel har eg brukt litt tid på å leite fram bilete som eg synest høver til emnet eg skriv om. Denne gongen var det som om biletet melde seg sjølv. Eg fann det medan eg var på jakt etter ein illustrasjon til noko heilt anna eg driv og skriv litt om, og som kan hende vert publisert på heimesida mi når tida er moden.

Eg synest dette biletet  av ein kjeft som er stor, og samstundes tom for innhald, verkeleg var rett bilete til rett tid. For no vil eg seie dei imot som slår stort opp at klimaproblematikk ikkje er noko å ta på særleg alvor.  Etter mi meining har dei, tilliks med dyret på biletet, det mest i kjeften.

Så har eg nok ein gong hatt ein disputt med folk som trur at klimakrisa berre er eit påskot for å tyne pengar ut av godtfolk. Og som vanleg er eg møtt med dei same, gamle argumenta:

  • Det har alltid vore klimaendringar på denne kloden vår.
  • Det er påviseleg blitt kaldare vêrlag i ein del område.
  • CO2 er viktig for alt liv, og soleis ikkje ein fårleg miljøfaktor.
  • Vassdamp er ein kraftigare klimagass enn CO2
  • Varmare klima er uproblematisk – i si tid dyrka folk korn på Grønland.
  • Det er andre problem som er viktigare, til dømes plastforsøplinga.
  • Al Gore tok feil i sine spådomar, så då kan ikkje dette med klima vere så alvorleg.
  • Det er sola som styrer veret.
  • Alt dette klimapreiket er berre eigna til å skremme folk.

Lista er lengre, men lat meg stoppe der. (Det kan vere at eg vel å supplere henne seinare.)

I det fylgjande vil eg skrive litt om kva eg meiner om desse argumenta, men eg skal leggje dei slik til at den einskilde aktivt må velje å lese kommentarane mine. Eg har ein mistanke om at dei vert lesne av folk som er samde med meg i det eg skriv, medan dei som er usamde med meg, vil velje å late vere.

Men eg vonar eg tek feil i dette.

Det har alltid vore klimaendringar på denne kloden vår.

Det stemmer. I løpet av jorda si historie hadde ein kunna oppleve til dels dramatiske endringar i temperaturen globalt. Eg skriv «hadde ein kunna» av di vår art ikkje har opplevd dramatiske, globale klimaendringar. Desse hende før vår tid. Dei endringane vi har opplevd i historisk tid, er relativt små, sjølv dei i og for seg endeleg har vore store nok. Lat vulkanutbrotet i Tambora i Indonesia i 1815 stå som eit godt døme på det.

Men vi veit litt om kva konsekvensar slike endringar har hatt for artsmangfaldet på jorda.

Dei klimaendringane som ofte vert referert til, er til dømes den kalde perioden ein kallar «den vesle istida». Denne varte frå om lag 1300 til rundt 1850 – einskilde hevdar at ho enno ikkje er over. Andre endringar er knytt til påstandar – sannsynlegvis sanne – om at det vart dyrka korn på Grønland då norske nybyggjarar budde der.

Nemnast må også ei klimaendring som oppstod i Mellom-Amerika rundt år 900, og som varte om lag like lenge som varmeperioden på Grønland. Denne tok truleg knekken på ein høgsivilisasjon i dette området, Mayariket. Dette er eitt av mange døme på at klimaendringar også i historisk tid har påverka samfunn og kultur.


Felles for desse klimaendringane var at dei var om ikkje akkurat lokale, så i alle fall regionale. Det kan også sjå ut som om dei kan sjåast i ein samanheng, og at den eine på sett og vis utlikna den andre.

Det som er historisk nytt no – og med historisk nytt meiner eg at det ikkje har skjedd før i vår art si historie – er at dei samla regionale klimaendringane ser ut til å ha medført ein auke av den globale temperaturen, altså at temperaturauken einskilde stader har meir enn kompensert for lågare temperatur andre stader.

Det er påviseleg blitt kaldare vêrlag i ein del område.

Dette kan sjå ut til å stemme, og det kan vere på sin plass å påpeike at dette er heilt i tråd med det som står å lese i FN sin klimarapport.

To aktuelle døme på kaldare vêr( frå desember 2022 ) er Nord-Kina, som har vore herja av uvanleg kalde polare vindar, og kan vere Antarktis, der ein har registrert større issetjing dei siste åra, både på fastlandet og i havområda rundt. Dette siste vert av einskilde nytta som «prov» på at den globale oppvarminga ikkje er reell.

Når det gjeld vêrtilhøva i Nord-Kina, kan det sjå ut som om dei endringane ein har sett, skuldast at polare vindar no har teke ei litt anna lei enn det som har vore vanleg tidlegare.

Fenomenet med tjukkare islag på Antarktis er litt vanskelegare å forklåre, både av di ein her har eit meir sparsommeleg datagrunnlag, og av di det kan sjå ut som om det er svært samansette prosessar som ligg bak dette fenomenet. Men det er verdt å merke seg at temperaturen i Antarktis for det meste er under null. Dermed kan ein neppe ta den auka issetjinga til inntekt for at global oppvarming ikkje finn stad.

Det høyrer også med at det er registrert auka temperatur i havområda rundt Antarktis.

CO2 er viktig for alt liv, og soleis ikkje ein farleg miljøfaktor.

Ja, CO2 er ein naudsynt del av livet sitt store krinslaup på kloden. Dei fleste som har fylgd med i naturfagtimane i unge år, kjenner til fotosyntesen, eller det som vi meir tilårskomne kjenner som kolsyreassimilasjonen.

Vi har lært at i grøne plantar vert klorofyllet nytta til å sameine vatn og karbondioksyd til glukose. Glukosen er byggjesteinar i alt organisk materiale, og samstundes frigjer prosessen oksygen, som er naudsynt for at organismar som vår eigen skal leve.

Det er då lett å tru at meir CO2 til atmosfæren måtte vere eit gode, for då kunne det verte produsert meir byggjemateriale til glede  fleire organismar, og vi ville få meir oksygen å puste i.

Og rett skal vere rett: Jorda er blitt grønare dei siste åra, og det kan sjå ut som om auka konsentrasjon av CO2 er ein viktig bidragsytar til dette. Det kan vere bra på mange måtar. Mellom anna av di auka produksjon av plantar bidreg til å hemme den temperaturutviklinga vi ser på kloden, med auka gjennomsnittstemperatur totalt. Men fylgjande må takast med i rekneskapen her:

Det syner seg at større tilvekst av plantar ikkje har hindra at CO2 -nivået i atmosfæren har auka, og den mogleg kjølande effekten av auka tilvekst av plantar har heller ikkje dempa den totale temperaturauken i tilstrekkeleg grad. Det er heller ikkje sikkert at den positive effekten ein i dag kan sjå av auka konsentrasjon av CO2 i atmosfæren i form av auka planteproduksjon, vil vare ved, gitt at dei øvrige miljøfaktorane for plantevekst vert endra slik vi ser tendensar til.

I lang tid har det vore eit nokonlunde balansert tilhøve mellom tilførsle og forbruk av CO2 i atmosfæren, og havet har fungert som ein slags buffer for ubalansen. Men så skjedde det noko historisk nytt: I stor stil tok ein i bruk fossilt organisk materiale som energikjelde. Dette bidrog til ein ubalanse mellom tilførsle og forbruk av CO2 i atmosfæren.

Det er kjent at CO2 har ein isolerande effekt i atmosfæren. Det er også kjent at havet har assimilert meir CO2 enn tidlegare, med seinka ph-verdi i havvatnet som resultat.

Med andre ord: CO2 er viktig for alt liv. Men eit akkumulert overskot av CO2 i atmosfære og hav har klima- og miljømessige konskvensar. Og samla sett kan det sjå ut som om dei negative konsekvensane vil ha størt påverknad på livet på jorda.

Vassdamp er ein kraftigare klimagass enn CO2

Det kan godt vere – eg har lest same påstanden fleire stader. Felles for desse som hevdar dette, er at dei behendig unnlet å nemne at mengda vassdamp i atmosfæren er avhengig av lufttemperaturen. Dermed er vassdampen sin påverknad på klimaet på globalt nivå avhengig av at temperaturen på globalt nivå vert endra.

Og det er akkurat det vi ser er i ferd med å skje. Den globale temperaturen har påviseleg stige. Dermed må ein rekne med at vassdamp etter kvart i større grad vil bidra til auka oppvarming.

Varmare klima er uproblematisk – i si tid dyrka folk korn på Grønland.

Det er rett at det har vore dyrka korn på Grønland i den tida det levde norske nybrottsmenn der. Dette er ein god indikator på at klimaet i denne perioden har vore adskillig mildare enn det er no. Og folk på Grønland klarte seg bra, så lenge det varte…

Det er også sannsynleg at eit par gradar varmare her til lands hadde vore til å leve med for oss som bur her. Eller er det eigentleg så sannsynleg?

Eg freistast til å seie som ein gamal indremisjonpredikant ein gong sa om dans: «Det er ikkje dansen i seg sjølv som er så syndig, det er all synda han fører med seg.» Ein mogleg konsekvens av auka temperatur er villare og våtare vêr. Vi ser alt konturane av dette, og som ei fylgje av dette er det no stilt nye krav til planlegging og prosjektering av infrastruktur, som vegar og bustadområde, mellom anna.

Eit anna problem er knytt til vår eigen mattryggleik. Dersom temperaturen stig i område som i dag er store leverandørar av mat og dyrefór til oss, kan det ha konsekvensar for produksjonsvolumet, og dermed tilgjenge på fødevarer. Det er inga naturlov som sikrar nordmenn plassen øvst ved bordet når maten skal fordelast.

Og endeleg vil eg nemne det som ein kan kalle triggereffekt, nemleg at ei høvesvis lita hending utløyser større og meir dramatiske hendingar. Lat stikkorda her vere metan og permafrost. Vi veit at det ligg store mengder metan innkapsla i permafrost, mellom anna i Sibir. Metan er ein langt meir potent klimagass enn CO2, og dersom ein høvesvis liten auke i temperaturen på kloden fører med seg at større mengder metan vert frigjort, kan dette vere starten på ei aksellerering av temperaturauken.

Ingen veit kva konsekvensar det vil kunne ha. Men det er ingen grunn til å tru anna enn at dei vil verte dramatiske, og gjennomgripande.

Det er andre problem som er viktigare, til dømes plastforsøplinga.

Eg skal vere varsam med å rangere miljøproblem etter viktigheitsgrad, men er samd i at plastforureininga vi har gjort oss skuldige i, er eit stort problem.

Det er dessutan blitt eit svært synleg problem, både i form av allslags rusk og rask ein finn rundt om, men først og fremst grunna «plastkvalen», ein kval som vart avliva utanfor Sotra i 2017. Då kvalen vart dissekert, fann ein at magesekken var full i plast.

Dette vart ei nyhendesak som spreidde seg raskt over store delar av verda, og som har ført til eit stort engasjement med omsyn til bruk og forbruk av plast, og oppsamling av plast på avvege. Og bra er det.

Men dersom ein skal vente med å setje inn tiltak mot eit problem til dess konsekvensane er så openberre som det var med «plastkvalen», risikerer ein at tiltaka vert sett inn for seint.

Al Gore tok feil i sine spådomar, så då kan ikkje dette med klima vere så alvorleg.

Det er all grunn til å kritisere Al Gore. Krisemaksimering er sjeldan ein god pedagogisk strategi, og det er heva over all tvil at ein del av utsegnene frå den kanten var meint til å trigge folk til å ta aksjon. Når utsegnene så viste seg å ikkje halde stikk, fekk dei ein slags boomerangeffekt. Folk tok ikkje lenger det han sa, på alvor. Og dette fekk konsekvensar for det andre, meir vitskapeleg orienterte personar uttrykte om klimaproblematikken.

At Al Gore alt medan han lanserte boka og filmen «An inconvenient Truth» vart skarpt kritisert av andre som arbeidde med klimapolitikk, gjekk under radaren. For eigen del vart eg marksam på dette fleire år seinare, i ei bok av Hans Rosling.

Men dette er eit døme på kor viktig det er å skilje sak og person: At Al Gore uttrykte seg uklokt, er ikkje det same som at problematikken han tok opp, ikkje er reell nok.

Det er sola som styrer klimaet.

Dette ser ut til å vere eit mantra for mange sokalla «klimarealistar». Ein konsekvens av ein slik tankegang er at det er ingen ting vi menneske kan gjere til eller frå for å påverke klimaendringane. Defaitisme er eit fint ord for den slags tenking. Spesielt konstruktiv er ho ikkje.

Personleg trur eg at klimaendringane er basert på tre faktorar: Den eine er – nettopp påverknad frå sola. Det kan vi ikkje gjere noko med. Den andre er seismisk aktivitet, som til dømes vulkanutbrot. Dei kan vi heller ikkje gjere noko med. Den tredje er menneskeleg aktivitet. I den grad vi kan gjere noko som helst, er det på dette området innsatsen må gjerast.

Å peike på dei to andre faktorane som grunn for ikkje å gjere noko i høve denne tredje, er etter mitt syn djupt uansvarleg.

Alt dette preiket om klimaendringar er berre eigna til å skremme folk.

Ja, tek ein verkeleg inn over seg det som vert sagt og skrive om konsekvensane ein global temperaturauke kan føre med seg, så er det verkeleg grunn til å vere redd. Om ikkje på eigne vegner, så på vegne av born og barneborn.

Og å vere redd er ikkje godt. Men redsle kan vere nyttig. Redsle kan motivere oss for å gjere ein innsats for endring i positiv retning. Redsle kan motivere oss til å gjere forsakingar og oppofringar som vi eigentleg ikkje har lyst til, av di vi forstår at dei er naudsynte.

Ei slik redsle skal ikkje forvekslast med paralyserande panikk. Det er ein skilnad på å vere redd og å vere redd for noko. Å vere redd for noko betyr at ein har identifisert det som har gjort ein redd. Då kan ein også sjå kva tiltak ein kan setje inn for å gjere noko med kjelda for redsla.

Biletet oppe på sida er attgitt med løyve – CC0.

At vi har ei klimakrise? Ikkje faen!