Den 26. november skreiv eg dette på Facebooksida mi:

«Kor lenge skal ein gidde?

I ei tid har eg fylgd med på skriveria til ein fb-ven. Dei kjem omtrent dagleg – det er ein flittig person, dette. Vi er samde om nokre saker, og sterkt usamde om andre saker.

Dei siste sakene er kan hende dei som har interessert meg mest, for eg synest det kan vere lærerikt å sjå kva folk som har andre synspunkt enn eg, byggjer sine synspunkt på. Det har ført med seg at eg tidvis har investert både innsats og tid på å sjekke ut grunnlaget for påstandar vedkomande kjem med. Det har eg lært ein god del av.

I liten grad har den nye lærdomen ført med seg at vi er blitt meir samde i sak. Oftare har eg fått godtgjort at grunnlaget for standpunkt eg sjølv har teke, faktisk var meir solid enn eg sjølv trudde. Så noko har eg då fått ut av å gå vedkomande sin argumentasjon litt etter i saumane.

Men spørsmålet er om eg ikkje like godt kunne brukt tida mi til å setje meg betre inn i ulike saker, utan å gå via det litt tilfeldige utvalet eg vert eksponert for via det vedkomande måtte føre til torgs. Eg er også litt usikker på i kva grad det har noko hensikt å gi uttrykk for usemje, og å ta dette opp til diskusjon. Slike diskusjonar endar som regel på ein av to måtar:

  • Vedkomande pensar diskusjonen inn på noko anna enn det diskusjonen opphavleg handla om.
  • På eitt eller annan tidspunkt blandar ein eller annan meiningsfelle av vedkomande seg inn og kjem med usanne og usaklege utsegner om underteikna som person, noko som stillteiande vert akseptert av vedkomande fb-ven.

Føremålet mitt med å gi uttrykk for usemje har ikkje vore å overtyde fb-venen om at vedkomande tek feil. Det tvilar eg på kan vere mogleg. Men eg har tenkt at det kunne vere greitt å gjere andre som les det vedkomande skriv, merksame på at det faktisk finnest andre måtar å sjå verda på, også.

Så er spørsmålet: Har dette noko føre seg? Basert på innhaldet i kommentarfeltet etter innlegga til vedkomande, er eg komen litt i tvil.

Eg kjem til å nytte desember månad til å finne ut om det har noko for seg å bruke tid på dette lenger. Med mindre vedkomande finn ut at eg ikkje har noko å gjere som fb-ven, og hiv meg ut. Det er også ein måte å sleppe unna kritiske kommentarar på…»

No er det gått nesten fire veker, og det har vore rimeleg stilt frå meg på kommentarfelta på Facebook. Det har vore herleg avslappande, og eg kunne lett verte freista til å sleppe taket i alt som heiter diskusjon i sosiale media.

Men så er det dette med å vere talsmann for folk som sjølve ikkje er like fortrulege med å uttrykkje seg i det offentlege rom, som eg er. For litt sidan var det ein som kom bort til meg og sa – sitat: «Tusen takk for at du skriv det vi andre tenkjer!»

  • Nokon må ta ubehaget med å vere motstemme når islam utan atterhald vert erklært som «ein ondskapens ideologi»?
  • Nokon må ta ubehaget med å vere motstemme når klimaproblematikken vert redusert til eit spørsmål om tilfeldige endringar i veret, slik det har vore alltid.
  • Nokon må ta ubehaget med å fortelje at religion for mange er ein naturleg del av det å vere menneske.

Dette er døme på tematikk der det er viktig å vere aktiv, og å sjå til at ofte velskrivne innlegg som kjem med slike påstandar, ikkje får stå uimotsagte. Men eg treng ikkje å fylgje opp påstandar om at eg ikkje evnar å tenkje sjølvstendig, eller å bruke krefter på diiskusjonar som ikkje sjeldan utviklar seg til å handle om noko heilt anna enn det som var utgangspunktet.

Vil folk tru at eg er ein tanketom tulling, så la dei endeleg det. Eg skriv for dei som er interesserte i argumenta, anten dei no er samde med meg eller ikkje.

Så jau, eg kjem nok til å halde fram med å respondere på innlegg og påstandar eg anten finn grunn til å støtte, eller finn grunn til å avvise. I begge høve kjem eg nok til å prøve å forankre det eg skriv på ein slik måte at folk ikkje skal vere i tvil om korvidt dette er ekstern informasjon eg stolar på, eller om det eg vurderingar eg sjølv har gjort. Ikkje alle er like flinke til akkurat det.

Dessutan skal eg prøve å la folk få lov til å vere så usaklege og personangripande som dei berre vil, utan å ta til motmæle. Eg tenkjer at dei som les det som vert skrive, har vit nok til ikkje å late seg dupere av at ein diskusjon vert dreia til å handle meir om person enn om sak.

Og så kjem eg nok meir aktivt til å nytte mi eiga heimeside som plattform for ytringane mine. Det gjer meg større fridom til å skrive om det eg vil når eg vil, og eg kan bruke all den tid eg treng til å førebu og forankre det eg skriv, til dømes med å leite fram og vurdere referansar.

Når eg så er ferdig og har publisert ein artikkel,  kan eg nøye meg med å leggje ut på Facebook ein peikar til artikkelen eg har skrive, slik eg har gjort her.

Ein slik praksis har fleire føremonar:

  • Innlegg på Facebook har ein lei tendens til å «forsvinne» i bunken av nyare innlegg. Artiklar på ei heimeside er lette å finne att.
  • Peikaren til ein artikkel tek ofte mindre plass enn eit tilsvar i ein diskusjonstråd.
  • Artiklar på ei heimeside kan resirkulerast. Har eg forankra eige standpunkt i informasjon, treng eg ikkje finne att til same informasjonen neste gong eg treng han. Det betyr også at eg kan unne meg å bruke meir tid på å forankre eit argument enn eg elles kunne ha brukt.

 

Biletet over: Eit bleiknande facebooksymbol på veg inn i solnedgangen. (Eige foto, eige oppsett.)

Farvel, Facebook?