Av og til kan det vere freistande å kalle folk tullingar. Denne gongen heldt det hardt ikkje å gjere det. 

Eit oppslag i NRK fortel om ein musikklærar som nektar elevane å bruke blokkfløyte. Han meiner det er det verste instrumentet i verda.

«Blokkfløyte er det verste instrumentet i hele verden. Vis meg det mennesket som sier at de startet med musikk, og som spiller musikk i dag, fordi de begynte med blokkfløyte. Det er ingen,» sier Tore Grøtte (42).

Eit utval av blokkfløtene eg eig.At fyren tek feil i den siste påstanden sin, er eg eit levande bevis på. Eg starta med blokkfløyte i 1962, og sjølv om det ikkje skjer kvar dag, hender det framleis at eg tek fram ei av fløytene mine og spelar litt for meg sjølv. For tida praktiserer eg i hovudsak musikk som dirigent og songar i eit amatørkor. Og eg høyrer mykje på musikk – gjerne blokkfløytemusikk også.

Det var ved hjelp av blokkfløyta eg og dei fleste av mine jamnaldringar – og truleg ein del av herr Grøtte sine musikklærarar også – lærte å spele etter notar og fekk røynsle i ensemblespel. Grunnen til at blokkfløyta vart innført i skulen, er truleg at ho er billig og at det er etter måten lett å lære å spele på henne. Dermed vart det mogleg å gi alle ei grunnleggjande opplæring i spel etter notar. Etter mi meining var dette eit kvantesprang for musikkundervisninga i Noreg.

Det er lett å spele blokkfløyte, men vanskeleg å spele vakkert. Eg har sjølv hatt den tvilsomme gleda av å skulle spele blokkfløyte med ein heil klasse. Det er ikkje alltid ein god situasjon for sarte øyrer. Grunnen er at det ikkje berre er lett å spele blokkfløyte, det er også lett å spele falskt. Med eit så overtonerikt instrument som blokkfløyta vert det då veldig tydelig når einkvan spelar litt surt. Det krev faktisk gode øyrer og teknikk for å spele reint i eit blokkfløyteensemble. Men det går – berre høyr på gjengen nedunder :

Gjengen som spelar her kjem frå Nederland. Her har det lenge vore eit særs fruktbart miljø for blokkfløytespeling. Ein av årsakane til det er Frans Brüggen. Ein omtale av noko av musikken hans finn ein ved å peike og klikke her.

Til ære for dei som måtte tru at blokkfløyter kun eignar seg for musikk frå 1700-talet og tidlegare, tek eg med denne gruppa av unge kinesiske blokkfløytespelarar.

QED.

Hyggeleg lytting !

Og skulle einkvan lure på kva det var som gjorde at Tore Grøtte unngjekk tullingstempelet, så les heile innlegget det vert referert til over. Etter mitt skjønn har han nokre svært fornuftige tankar om kor viktig musikk og andre estetiske fag kan vere i danninga av eit menneske. Meir om det kan du etter kvart lese andre stader på heimesida mi.

Biletet øvst på sida syner fem ulike blokkfløytestorleikar. Meir informasjon om biletet finn ein ved å peike og klikke her.

Eit lite forsvar for blokkfløyta