Ove Trellevik
Stortingsrepresentant (H), medlem av kommunal- og forvaltningskomiteen

Eg vart svært glad då eg las stortingsrepresentant Ove Trellevik sitt innlegg i Bergens Tidende 25. oktober. Han set sakene litt i perspektiv, synest eg.

Med tanke på Bergens Tidende si tidlegare dekning av denne saka, valde eg å skrive eit innlegg og sende avisa. Eg ynskte å dra fram ei side ved saka som eg ikkje kan sjå har vore nemnd i det heile, nemleg kva eit brusamband over Masfjorden kan ha å seie for unge som ynskjer å flytte heim og etablere seg her.

25. oktober om kvelden sende eg innlegget, som for øvrig var skrive i tråd med avisa sine retningsliner når det gjeld storleik. 26. oktober fekk eg svar. Det er å lese i illustrasjonen øvst på denne sida.

Avisa fortel at dei «har fått flere lignende tekster», og takkar difor nei til innlegget mitt. Eg er glad for at avisa har fått fleire tekstar å velge mellom, og eg er ikkje oppteken av at det skal stå mitt namn under dei. Så no er eg spent på å sjå kva som kjem. Enn så lenge ligg ingen ting på BT si debattside på nettet.

I mellomtida kan dei som vil, lese det eg skreiv som Bergens Tidende ikkje ville publisere her :

Rette ord til rette tid

Ove Trellevik (H) sitt innlegg i Bergens Tidende den 25. oktober var rette ord til rette tid : Endeleg er det ein sentral politikar som har teke på alvor kva som ligg bak eit ynskje om brusamband over Masfjorden, og som har gitt uttrykk for støtte til prosjektet. Takk for det!

Lokale politikarar og lokalt næringsliv har tydeleg teke til orde for eit brusamband. Andre har vore like tydelege motstandarar. Diskusjonen har stort sett dreidd seg om tre emne : Er det bruk for bru? Kva vil brua koste Hordaland fylke? Kva vil ei slik bruløysing føre med seg av fylgjekostnader?

For å ta det siste fyrst : Det er sagt at ei bruløysing vil måtte medføre ei stor opprusning av Fv 570. Men dette er ei vegstrekning som uansett treng opprustning, bru eller ikkje. Det er difor feil å framstille det som om bruplanane i seg utløyser desse krava. Men kan hende vil ei ny bru framskunde oppgraderinga.

Så til økonomien : Det er hevda at prosjektet kan medføre store økonomiske belastningar for fylket. Det kan skje dersom kalkylane ikkje stemmer, trafikkgrunnlaget sviktar, det skjer store endringar i rentenivået, eller dersom Stortinget vel å terminere ordninga. Når det gjeld det siste, må vi kunne forvente at riksforsamlinga vår opptrer forutseieleg og ansvarleg. Og når det gjeld utrekning av byggjekostnadar og trafikkgrunnlag, må ein leggje til grunn at dei som har laga kalkylane, veit kva dei gjer.

Det Hordaland fylke eventuelt vil måtte svare for, er skilnaden mellom faktiske utgifter og inntekter. Og så får ein halde dette beløpet opp mot totalsummen og sjå kva fylket får att for desse pengane. For å illustrere dette : Får du 100.000 kr til å kjøpe bil for, kjøper ein til 110.000 kr og betalar mellomlegget sjølv, har du uansett gjort ein god handel.

Men treng vi brua? Brumotstandarane minnar om at det sjeldan står bilar att, og at ein er landfast. Eg skal ikkje ta opp att det eit samla næringsliv har sagt om kor viktig eit brusamband er for næringsutviklinga. Men eg vil leggje til dette :

Eit par dagar i veka arbeider eg i Knarvik. Dei dagane brukar eg nøyaktig tre timar på å kome meg på jobb og heim att. Men det er av di eg er heldig og har ei arbeidstid som passar reisetidspunkta mine nokonlunde.

Ikkje alle er så heldige. Har ein riktig uflaks, vert tida ein må rekne med å bruke opp til ein halv time lenger – kvar veg, i verste fall.

Det er rett at vi er landfaste, og av og til er det raskare å køyre rundt via Matre enn å vente på ferja. Det medfører då ei ekstra køyrestrekning tilsvarande avstanden Bergen sentrum – Halhjem. Kvar veg.

Det går fint – av og til. Men vi kan ikkje gå ut frå at dette er noko folk kan halde ut i på permanent grunnlag.

Eg kjenner mange flinke, velutdanna ungdomar som meir enn gjerne vil flytte heim att og slå seg til her, og som kan og vil skape seg eit utkome her. Men mange av desse ungdomane er gift eller sambuande med andre flinke og velutdanna ungdomar som også vil ha ein jobb. Det er ikkje gitt at det er jobb til begge her. Skal dei bu her, må den eine rekne med å pendle.

Når vi veit at dei unge som vil busetje seg her gjerne har eller får born som skal til og frå barnehage og skule, skal det ikkje stor fantasi for å forstå at draumen om å bu på ein stad med eit kommunikasjonstilbod som det vi har, for mange berre vert ein draum.

Dette kan altså fylkespolitikarane rette på, dersom dei vil. Og det bør dei. At Masfjorden og Gulen «ligger der det ligger» er ikkje det same som at området kun har rekreasjonsverdi.

 

Litt om å sjå brusamband over Masfjorden frå nordsida