Stigeråsen skole i Skien har gjort noko einskilde karakteriserer som «snikislamisering»: Elevane skal framføre eit julespel som inneheld to vers frå Koranen.

At dette har falle dei som står bak sida document.no tungt for brystet, overraskar knapt nokon. Hanne Tolg, som har skrive Document.no sin artikkel om julespelet, formulerer dette slik : «Vi antar at det er av hensyn til de multikulturelle elevene (les: muslimene) at Allah dukker opp som en stemme fra Engel 2 og at man har lagt til to koranvers i teksten.» Ho held fram slik: «Igjen ser vi at det ikke finnes noen grenser for å inkludere islam. Selv om muslimer ikke en gang feirer jul, skal koranvers og Allah lures inn. Vi vil få en oppvoksende generasjon av barn som tror at Allah og Koranen har noe med jul å gjøre.» Henne om det. Også islamofobe må få ytre seg – og få den merksemd ytringane deira fortener.

Det vert litt meir problematisk når redaktør i avisa Dagen legg breidsida til og fyrer laus på julespelet på Stigeråsen skule. Han har tidlegare synt seg å vere ein person som fortener å verte teken på alvor, også i spørsmål som handlar om islam. Men 8. november 2017 publiserte han ein leiarartikkel med overskrifta «Når julen snikislamiseres». Han meiner tydelegvis at julespelet på Stigeråsen skole er eit døme på snikislamisering, for han hevdar at : «Den islamske religionens innflytelse lures inn på nye områder. Og nå er det altså julemarkeringen som skal snikislamiseres ved denne skolen.» Vidare skriv Vebjørn Selbekk at «…vi vil altså ha oss frabedt islam og koranen i den kristne julefeiringen. Der har denne fremmede troen ingen plass. Muslimer tror ikke på julens budskap.»

Redaktøren har rett. Muslimar trur ikkje på Jesus som Guds son. Det er det mange andre som heller ikkje gjer. Jødane ventar stadig på sin Messias. Dei trur ikkje på dei kristne tolkningane av messiasprofetia i bøkene dei kallar Tanach og som vi kallar Det gamle testamentet. Likevel er desse profetia ein heilt naturleg del av tekstlesingane i gudstenestene våre i jula, og slik bør det vere. For sjølv om dei ikkje er oppfatta slik av jødane, er desse profetiane viktige delar av den kristne oppfatninga av kven Jesus var og er.

Krusifiks i moskeen i Cordoba.
Dette krusifikset heng i moskéen i Cordoba. Denne moskéen er den tredje største i verda. Då maurarane vart jaga ut av Spania, vart katedralen i Cordoba bygd inne i moskeen. Her ser ein altså eit krusifiks i typisk muslimske omgjevnader. Er det problematisk for nokon?

Jødedom, kristendom og islam – her nemnt i rekkjefylgje etter alder – har ein felles «stamfar», Abraham. Mange av historiene og forestillingane som er knytte til desse tre religionane, er svært like. Tradisjonen med å skriftleggjere tankegods og forestillingar i bøker er også delt.

Det som skil oss, er vår tolkning av det felles tankegodset, samt ein del tankar og forestillingar kvar religion er åleine om. At Jesus er Guds son, er eit døme på ei trussanning kristendomen ikkje deler med dei andre religionane.

Men vi kvir oss altså ikkje for å sitere dei jødiske profetane for å underbyggje vår kristne oppfatning av at Jesus er Guds son. Då framstår det som litt underleg at det skal vere så ille å hente til dømes dette sitatet frå Koranen som skal nyttast i julespelet (og som Velbjørn Selbekk av ulike grunnar har vald ikkje å publisere i sin leiarartikkel) : «O, Maria! Gud gir tre glade tidender om et Ord fra Ham: hans navn vil være Jesus, Marias sønn, æret i denne verden og etterlivet og om dem som er nærmest Gud.»

( I den norske Koranen står dette verset formulert slik : «En gang sa englene: «Å, Maria! Sannelig, Allah gir deg det gledelige budskapet om et (spesielt) ord fra Ham, navnet hans er Messias, Jesus, sønn av Maria, han vil være fremragende og høytstående i denne verden og i det hinsidige, og han vil være av Allahs svært nærstående.»)

Eg synest det er merkeleg at det å peike på eit faktum, nemleg at Jesus/Isa har ein høg status i ein annan religion, skal oppfattast som ei snikinnføring av den andre religionen. Eg forstår ikkje at å anerkjenne dette faktumet kan tolkast som noko utslag av vilje til å utslette vår eigen kultur, slik Vebjørn Selbekk tydelegvis trur.

Og eg synest den eller dei som har laga julespelet ved Stigeråsen skole har gjort noko dei fortener ros for, og som bør framstå som eit godt døme for andre. For det dei på denne måten minnar oss på, er det faktum at det er ein del tankegods vi har felles, vi tre bokreligionane. I ei tid der mange ser seg tente med å peike på og forsterke det som måtte skilje oss, er slike initiativ eit viktig og naudsynt korrektiv.

Om julespel og «snikislamisering»