Under dei olympiske leikane i Berlin i 1936 vart den svarte amerikanske friidrettsutøvaren Jesse Owens den store stjerna med sine fire gullmedaljar, som han fekk på 100 m, 200 m, lendesprang og i 4 x 100 m stafett.
Dette fall nok ikkje Adolf Hitler lett for brystet. Denslags passa ikkje heilt med dei raseteoriane han stod som eksponent for.
I ettertid skreiv Nordahl Grieg dette vesle diktet, som ein kommentar til dei sportslege hendingane i 1936, og med tanke på dei som skulle springe for livet i åra som kom :
Sprinterne
Niggeren Owens sprinter,
germanerne stuper sprengt.
Det blonde Stadion undres,
og Føreren mørkner strengt.
Men tenk da med trøst på alle
jødiske kvinner og menn
som sprang for livet i gaten –
dem nådde dere igjen!
No kan det sjå ut som om denne sistnemnde skremmande «idrettsgreina» er på full fart inn i Europa igjen. Men denne gongen verkar som om det er fleire enn jødane som må springe for livet…
Biletet på toppen syner Jesse Owens under starten på 200-meteren under Olympiaden i Berlin. Meir informasjon om biletet finn ein ved å peike og klikke her.