Det er ikkje godt å vite kva ein skal seie til folk som nett har misst ein dei er glad i. Døden er så endeleg, så absolutt.

Sjølv har eg den trua at døden ikkje er den definitive slutten. Men kva som kjem etter, har eg inga formeining om. Og eg trur ikkje at mine forestillingar om liv og død vil være til særleg trøyst for andre som kan hende har heilt andre tankar om dette.

Då er det at Arnulf Øverland kjem til oss med dette vakre diktet. Han skreiv det som far til sine born. Men det han skreiv, er like relevant for dei som har misst ei mor, ein ektefelle, eit barn, ein ven. Diktet ber med seg noko positivt: Så lenge eg minnest den som ikkje er her meir, er ikkje vedkomande heilt borte.

Når jeg er borte, vil du undres på,
om mennesker kan leve efter døden.
Det er slett ikke enkelt å forstå;
men kanskje fins et sted bak aftenrøden?

Ja, kanskje som en drøm, i bleknet lykke
og i et sløret vedmod uten savn -?
Og du vil hviske prøvende mitt navn
og ta mig med i dagen din et stykke.

Kanhende du vil spørre, hvem han var,
den mannen, som du gikk og kaldte far.
Om da du ser mig klart og uten hindring,
da lever jeg, mitt barn, i din erindring.

Andre fine dikt kan du finne via denne sida.
Arnulf Øverland : Til mine barn