Litt om kva eg tenkjer om flyktningesituasjonen vi står i nett no

For litt sidan mottok eg eit tilsvar til ein kommentar eg hadde lagt ut på Facebook. Det vart avslutta slik : «Skjønner at du og jeg ikke er enige og det er greitt.» Avsendar var ei dame eg berre har godt å seie om.

Kva det vi konkret er usamde i, er eg litt usikker på. Utgangspunktet var at vedkomande – som er tydeleg innvandringskritisk – hadde delt eit innslag frå Nettavisen.no som omhandla asylsøkjarar som ikkje ville forlate eit mottak i Tysvær. Det eg reagerte på, var at vedkomande ikkje hadde delt den oppfylgjande historia, nemleg at asylsøkjarane etter nokre timar likevel hadde forlate asylmottaket.

Slik saka no var blitt framstilt gjennom delinga, opplevde eg at ho kunne gi folk som ikkje sjekka informasjonen sjølv, men berre heldt seg til det som vart delt, eit feilaktig inntrykk av det som hadde skjedd. Og sidan eg er syrgjeleg merksam på  at folk ofte dannar seg sine meiningar ut frå det dei trur dei veit, synest eg det var viktig å få fram at det var meir ved denne historia enn det som var blitt delt.

Det er dessverre ikkje fyrste gong at eg har sett fragment av gamle og nye saker er blitt delt på sosiale medium på ein slik måte at dei er eigna til å forsterke fordommar hos dei som sakene vert delt med. Det er ikkje mykje eg kan gjere med det, anna enn å påpeike nokre av manglane eg måtte vere merksam på.

Det er det eg har gjort i dette tilfellet. Og det har eg bestemt meg for å halde fram med.

Eg trur nok at vedkomande som erklærte seg usamd med meg, kan ha rett i at vi er usamde. Men kva er vi usamde om? Og korleis kjem denne usemja til syne ?

Det er neppe særleg interessant for andre enn vedkomande og meg sjølv kva akkurat vi to er usamde om. Men eg har lyst til å skrive litt om dette likevel, for eg trur det er mange som tenkjer som eg, og eg ser det er mange som tenkjer heilt  annleis. Og eg trur at det kan vere greitt at folk veit om kva andre tenkjer. Det treng ikkje gjere usemja mindre. Men kan hende vert ho lettare å handtere. Det er difor eg skriv dette.

Slik eg ser det, kan usemja vår vere på eitt eller fleire av desse felta :

  • Det kan handle om ulike verdisyn.
  • Det kan handle om ulik vurdering av situasjonen vi står i.
  • Det kan handle om ulike meiningar om kva som er god praksis for handtering av situasjonen.

I det neste vil eg skrive litt om desse tre felta. Eg vil prøve å setje ord på det eg meiner, og vil prøve å unngå å framstille det eg trur andre meiner. Det får dei stå for sjølve.

For å gjere det litt meir overkomeleg for den/dei som vil lese dette, har eg delt opp stoffet over fleire sider. Nedst på denne sida finn du ein peikar til neste side, «Tankar om verdisyn». Derfrå kan du lese deg gjennom det eg har skrive, dersom du vil.

Biletet på toppen av sida :  Ein liten albansk flyktning som forserer ei piggtrådsperring i Kosovo. Meir informasjon om biletet får du ved å peike og klikke her.

 Tankar om verdisyn >>
«Dei framande» og vi andre