Det vert hevda at eit så stort innslag av folk med andre verdiar på sikt vil øydeleggje våre verdiar og vår kultur.

Einskilde legg ikkje fingrane mellom. Dei hevdar at vår kultur står på randen av utsletting av di immigrantane formerer seg så mykje meir enn oss «innfødde» europearar, slik at det til slutt vil vere kjøtvekta som avgjer. Den sterkt høgreradikale organisasjonen «Britain First» har mellom anna laga ein video om saka og lagt han ut på Youtube, og mange har bidrege til å spreie han gjennom deling. Over seks millionar skal ha sett han.

Videoen ser tilforlateleg ut, men var etter det eg kunne sjå, kjemisk fri for referansar som kunne underyggje påstandane i han.

Personleg trur eg ikkje på denne propagandaen i det heile teke. Når det gjeld påstanden om at tilveksten av folk utanfor vår eigen kulturkrets vil øydeleggje kulturen vår, vil eg hevde fylgjande :

  • Eg trur at dei verdiane og tradisjonane vi har og det samfunnet vi har bygd opp, er velfundert og robust, og toler å verte utfordra.
  • Eg har inntrykk av at mange «kulturpessimistar» har ei oppfatning av norsk kultur som eit statisk og klårt definerbart omgrep. Men har dei i så fall rett i det ?
  • Eg meiner at dei ikkje har det, av di eg ser på vår kulturelle utvikling som ein dynamisk prosess som stadig pågår, og der nye impulsar heile tida bidreg til ei vidareutvikling. Det kan skje ved at vi tek opp i oss nye impulsar, eller ved at vi tek avstand frå desse impulsane og dermed forsterkar det vi synest er gode trekk ved kulturen vår.
  • Ut frå dette meiner eg at bekymring for at vår eigen kultur skal forvitre på grunn av ei folkeauking på nokre få prosent annleis tenkjande meir er eit uttrykk for ei nedvurdering av kulturen vår, enn ei problemstilling med røter i røyndomen.

Biletet på toppen av sida : Interiør i ei forlatt kyrkje i Wharakane, New Zealand. Foto : Phillip Capper. Meir informasjon om biletet finn ein ved å peike og klikke her.

<< Står vi ovanfor reelle flyktningar ? Er det meir kostnadseffektivt å hjelpe folk «der dei er» ? >>
Står kulturen vår i fare ?