Litt om å lytte til Juleoratoriet
Mange har nok vore i ei kyrkje eller ein konsertsal for å høyre Juleoratoriet, eller har planar om å gjere det. Det som er vanleg, er at ein framfører det i to delar, der dei tre fyrste kantatane vert framførte på ein konsert, og dei tre siste kantatane på ein annan konsert. Det er naturleg å gjere det slik, for det gjer at ein får konsertar av høveleg lengd. Å framføre alt på ein kveld kan verte vel mykje, og å fordele det på seks ulike dagar slik det i si tid vart framført i Leipzig, er ikkje praktisk.
Men høyrer ein det på ei innspeling heime, kan ein velge kor mykje ein vil høyre om gangen, og eg synest det kan vere lurt å tafor seg ein og ein del av oratoriet. Det gjer at ein kan fordjupe seg betre i det ein høyrer, og ein kan ha fokus på dei ulike emna som Bach handsama i dei einskilde delane.
Nedunder kan ein etter kvart finne peikarar til ein liten omtale av kvar av desse seks kantatane – desse vert publiserte på den dagen dei er knytt til. ( Bortsett frå kantate nr 5, som eg har vald å presentere den 2. januar – som var den datoen kantaten vart framført fyrste gong. )
Eg må leggje til at desse omtalane berre er å sjå på som rit i overflaten. Dels skuldast dette formatet: Det er grenser for kor stor ein nettartikkel bør vere. Men eg må nok innrømme at eg knapt har kompetansen til å gi eit fullt dekkande innsyn i alle dei aspekt som er ved Juleoratoriet.