Det er ikkje likegyldig kva vi gjer uttrykk for på sosiale media. Det vi skriv, er ikkje likegyldig for oss. Dei vi skriv om, er det heller ikkje likegyldig for.

Når eg legg ut tekstar på nettet, er det av di eg ynskjer at andre les det eg har skrive. Det er viktig for  meg å få delt desse tankane med andre. Slik reknar eg med at andre har det også. Når eg les det andre skriv, gjer eg det med ei forventning om at dei prøver å selje inn tankegodset sitt til meg.

Det betyr til dømes at når eg les innlegg som beskriv islam på ein nedsetjande måte, legg eg til grunn at dei som skriv det ynskjer at eg skal få eit meir negativt syn på islam.

Det betyr til dømes at når nokon hevdar at flyktningar og asylsøkjarar ikkje er «ekte», av di dei har hatt økonomisk ryggrad til å kome seg hit, reknar eg med at dei vil ha meg til å tru at dette er ei sanning.

Det betyr til dømes at når nokon spreier informasjon om overgrep og kriminelle handlingar som er gjort av flyktningar eller asylantar, så er det med eit ynskje om å sverte desse gruppene.

No vil eg ikkje seie at eg tek det «saklege» innhaldet i alt dette på like stort alvor. Dels veit eg tilstrekkeleg om både islam og om kristendom til å vere klår over  at ein god del av utsegnene ein finn i Koranen og som gjerne vert dregne fram i desse innslaga, er nokså like ein del av det ein finn i Bibelen. Dels har eg gjort det til ein vane å dobbelsjekke ein del av utsegnene eg får servert, og eg har oppdaga at det ikkje er så uvanleg at berre delar av ei saksframstilling vert presentert, eller at gamle nyhende vert gitt nytt liv på sosiale media. Dermed framstår situasjonen som verre enn han eigentleg er.

Min respons på denslags utspel kan vere å påpeike det eg oppfattar som mangelfullt eller tendensiøst gjennom å kome med ein kommentar, til dømes til innlegg på Facebook. Det har eg gjort nokre gongar, og det kjem eg til å halde fram med.

Eg synest det er alvorleg når folk deler denne typen «informasjon», av di eg trur at dei sjølve meiner at dette er rett. På den måten vert dei ein slags sanningsvitne for påstandane dei er med og sprer.

Og eg synest det er endå alvorlegare at den slags også vert lese av dei som vert ramma av desse utsegnene. Det alvorlege i det er at det kan bidra til å skape ei oppleving hos dei av å vere i «fiendeland». Kva gjer folk som føler at dei er i ein slik situasjon ? Dei søkjer samen, til sine likesinna, til folk dei føler dei kan stole på. Eg trur at i etableringa av «innvandrarghettoar» slik vi til dømes kan sjå i delar av Oslo, har slike reaksjonar vore ein pådrivar.

Har eg rett i det, burde dei som sprer «informasjon» som dei veit er ufullstendig eller unyansert, gå litt i seg sjølve. Etter mi meining pådreg dei seg eit stort ansvar. Dei kan bidra til å gjere arbeidet med å få dei som skal busetjast hos oss til å bli ein integrert del av samfunnet vårt, svært vanskeleg. Vi veit at opplevinga av ikkje å kjenne seg som ein del av samfunnet har vore ein viktig komponent i radikaliseringa av mange unge.

Men det er ikkje det same som at ein ukritisk skal godta alt det ein ser rundt seg. Det vil eg skrive litt meir utfyllande om.

Biletet på toppen av sida : Lausprat kan drepe. Utsnitt av amerikansk krigsplakat som oppfordra folk til å vere varsame med kva dei snakka om på offentlege stader, og med kven. Info om biletet her får ein ved å peike og klikke her.

<< Korleis handsamar vi situasjonen vi står oppe i ? Det handlar om å ta kvarandre på alvor >>
Kva forventningar har vi? Kva signal sender vi ?