Dette er eg oppteken av
Eg har vore oppteken av ikon og ikonkunst lenge. Svært lenge. Eg kan ikkje heilt seie kva det er med desse bileta som opptek meg. Men dei er små gløtt inn i delar av den store historia som utgjer den kristne læra og trua. Og dei har eit formspråk som tiltalar meg. Eg trur eg må seie at eg har ein slags kjærleiksrelasjon til ikona og til den tradisjonen dei spring ut av.
For nokre år sidan tok eg eit kurs i ikonmåling hos Solrunn Nes, som bur i Hardanger. Ho er ein av våre mest anerkjende ikonmålarar. I tillegg har ho ein svært god kunsthistorisk og religionshistorisk bakgrunn. Ho har også utgitt bøker om ikonmåling. Ei av bøkene hennar, «Mysteriets formspråk», var den fyrste boka om ikontradisjon som eg kjøpte. Eg er svært glad for at eg gjorde det.
Kurset hos Solrunn ga ei god innføring i korleis ein måler med eggtempera. Eg fekk også eit innsyn i kva funksjon ikona har i kyrkjeleg tradisjon, og kva som kan uttrykkjast gjennom eit ikon. Det var eit svært lærerikt og inspirerande kurs.
Sidan har eg putla litt med måling i ikontradisjon. Men eg vil ikkje kalle arbeida mine for ikon, av to grunnar:
- Ikonmåling handlar om å lage bilete med ein spesiell funksjon og innan ein gitt – men eigentleg nokså romsleg – tradisjon. Det kan også vere ein fom for meditasjon, der biletmotivet er i særskilt fokus. Så lenge eg har meir fokus på teknikk enn biletleg innhald, vil eg ikkje kalle arbeida mine ikon.
- Dessutan synest eg ikkje at eg er flink nok. Eg har sopass respekt for dei som arbeider med ikonmåling, at eg ikkje vil stille det eg gjer, i same kategori som det dei gjer.
Intensjonen med å lage denne sida, er todelt:
- Eg vil samle peikarar til ein del ressursar som eg har funne på nett, slik at det vert enkelt for meg sjølv og andre som er interesserte å finne dei att.
- Etter kvart som eg kjenner at tida er moden for det, vil eg dele nokre tankar om det eg sjølv held på med innan denne måletradisjonen. Men mykje stoff vert det neppe – eg arbeider seint og er lite nøgd med mykje av det eg gjer.
Eg fann, eg fann – eksterne ressursar
Den andre boka om ikonmåling som eg kjøpte, heitte «Techniques of Icon and Wall painting», og er skriven av den engelske ikonmålaren Aidan Hart. Denne boka er som eit oppslagsverk å rekne. Ein finn mykje god informasjon om alle delar av den tekniske prosessen med å framstille ikon.
Forutan å ha skrive denne boka og fleire andre bøker, har Aiden Hart si eiga heimeside, aidanharticons.com. Denne inneheld mykje god informasjon med utgangspunkt i Aidan Hart sitt eige arbeid.
Men nettet har mykje meir spanandeå by på: Heimesida «Icons and their interpretation» ser for meg ut til å vere ei omfattande kjelde til kunnskap om austkyrkjeleg ikontradisjon. Eit særtrekk ved akkurat denne sida er at han som lagar henne – han kallar seg David – har eit religionskritisk perpektiv på det han skriv. Eg synest det gjer sida til eit interessant supplement til mykje av det eg elles finn på nettet, som etter det eg kan sjå, gjerne er forfatta av folk «på innsida» av tradisjonen og trua.
Det er også litt spesielt at sida er laga slik at ho ved hjelp av ein ekstern omsetjingsteneste frå Google kan lesast på mange språk – norsk, mellom anna.
På same måten kan ein finne mykje god informasjon på Den bysantinske og kristne virtuelle muséet. Dette er laga i regi av eitt av dei greske nasjonalmusea, Det bysantinske og kristne muséet. Her finn ein mange vakre ikon, med tilhøyrande informasjon. Og skulle gresk vere gresk for deg, så er det mogleg å lese innhaldet på engelsk.
Også Muséet for russiske ikon har mange flotte kon å vise fram.
YouTube er ein nær sagt utømeleg kjelde for informasjon om ikonmåling. Eg skal ikkje påta meg å vurdere kvaliteten på alt ein finn her, men eg har stogga opp ved denne kanalen : Painting the Light. Han som står bak den, ser ut til å vere ein seriøs aktør. Eg synest videoane som han legg ut her, er inspirerande og informative. Sjølv om videoane ein finn her, nok helst er mynta på folk som måler sjølve, vil eg tru at ho kan vere av interesse for andre også.
Også i Den norske kyrkja er det mange som interesserer seg for ikonkunsten og tankegodset knytt til den. Her kjem eit døme på det: Biskop i Bjørgvin, Harald Norhaug, deler her nokre tankar knytt til eit mykje nytta ikonmotiv.
Eigne arbeid
Ein kan gjerne undrast over at eg publiserer eigne arbeid som eg ikkje alltid er så veldig nøgd med. Kvior finn eg på slikt?
Svaret er dette: Det manglar ikkje på flotte bilete, laga av dyktige kunstnarar. Men det er lov å vere nybegynnar. Det er lov å glede seg over arbeidet, også når resultatet har openberre feil og manglar.
Og kan hende kan ein og annan som også fomlar og famlar med denne type målararbeid, ha glede av å sjå at vedkomande ikkje er åleine med å streve?
Biletet oppe på sida er eit utsnitt av eit ikon, laga av Angelos Akotantos. Han budde på Kreta på 1400-talet. Meir informasjon om dette ikonet kan ein få her.